Rådhus
FOTO: Arkiv

Vil ikkje innføre strengare smitteverntiltak i Vanylven

For å avgrense smitteauke i januar har regjeringa sett inn fleire smitteverntiltak i heile landet uavhengig av lokalt smittenivå. Enn så lenge vert det ikkje strengare tiltak i Vanylven enn det dei nasjonale føringane legg opp til.

Dei nasjonale tiltaka gjeld frå i dag 4. januar og foreløpig fram til måndag 18. januar.

Ordførar Lena Lena Landsverk Sande (V) meiner det var eit riktig val av regjeringa.

– Tiltaka kom brått på, men vi hadde sett auka i smittetala, og eg meiner det var ei fornuftig vurdering av regjeringa. Det er sjølvsagt vanskeleg med 14 dagar utan sosial kontakt, men det har vore mykje aktivitet og folk har vore på reisefot i jula, sa Landsverk Sande til Synste Møre få minutt etter krisestabsmøte måndag føremiddag.

Ho seier at Vanylven kommune vil følgje råda frå statleg hald, og at det per no ikkje er aktuelt å innføre strengare tiltak.

– Det er eit lågt smittetrykk, og det vert derfor ingen strengare tiltak her. Per no er det ingen smitte i Vanylven, seier ho.

Viktig å teste seg

Ho vil oppfordre til at folk testar seg viss dei kjenner på noko. Testinga har nemleg gått ned den siste tida.

– Det er det viktigaste, viss ein let vere å teste seg kan vi få mange smittetilfelle. Vi har kapasitet til å teste, og det er betre å teste seg ein gong for mykje enn for lite, seier ho.

Denne veka startar Vanylven med vaksineringa av bebuarar på Vanylven helse- og omsorgssenter. Dei held også på med ei kartlegging av dei over 85 som bur heime, som er neste prioriterte gruppe på lista.

– Det er mange i denne gruppa som vil ta vaksina, seier ordføraren.

Krisestab

Framover vil medlemane i krisestaben ha jamleg kontakt.

– Vi har sett opp ei arbeidsgruppe med meg sjølv, kommuneoverlegen og rådmann, og vi har nytt møte på fredag. Men skulle det skje noko, set vi opp nytt møte før den tid, seier ho.

Raudt nivå

Eit av tiltaka som no er innført over heile landet av regjeringa, er at vidaregåande- og ungdomsskular har gått over til raudt nivå på trafikklysmodellen.

Denne seier kva smitteverntiltak skular og barnehagar skal følgje til eikvar tid. Modellen er laga for å unngå å stengje barnehagar og skular slik som ein gjorde i mars.

I tillegg til at vidaregåande- og ungdomsskular no er på raudt nivå, må kommunar med mykje smitte vurdere om også barneskular skal gå over til dette nivået.

Dette er per no ikkje aktuelt i Vanylven. Det er lokale helsemyndigheiter som avgjer dette, som i praksis betyr kommuneoverlegen.

Bussane går

Skular må også vere førebudde på å skifte mellom gult og raudt nivå på kort varsel i tida framover. Søndag kveld vart føresette i Vanylven informerte om kva dei nye tiltaka på skulane inneber. Dei som kan vert no råda til å køyre ungane sjølve på skulen, men bussane går framleis for dei som ikkje har moglegheit til dette.

– Dess fleire som kan køyre ungane sjølve, dess meir hjelper det på totalen. Bussane vert delt opp, og dei unge må sitte i kohortar, seier Landsverk Sande.

Dette er raudt nivå

  • Ingen sjuke skal møte på skulen
  • God hygiene
  • Unngå fysisk kontakt mellom personar (handhilsning og klemming)
  • Dele elevar inn i mindre kohortar
  • Kohortane bør ha faste klasserom
  • Tilsette bør kome til klasserommet
  • Prøve å overhalde 1 meters avstand mellom elevar/tilsette
  • Unngå trengsel og store samlingar
  • Halde avstand i pausar/friminutt og unngå kontakt mellom ulike kohortar
  • Vurdere alternerande oppmøtetider for elevar

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer