50532614923_2935933ef5_c
FOTO: Arkiv/Eirin Larsen, SMK

Innfører fleire nasjonale smitteverntiltak

– Vi må nå vente med å ta opp att sosialt liv til det har gått 14 dagar

Søndag kom regjeringa med nye tiltak for å hindre vidare spreiing av Covid-19.

– Vi har etter jul sett færre som testar seg, og av dei som testar seg går andelen positive testar opp. Smitten er aukande og spreier seg til nye delar av landet. Eg ber no om at alle vert med på eit krafttak for å unngå ei ny smittebølge, seier statsminister Erna Solberg i ei pressemelding søndag.

Basert på råd frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har regjeringa bestemt å forsterke smitteverntiltaka og justere dagens nasjonale anbefalingar, slik at kommunane får kapasitet til å handtere lokale utbrot av Covid-19.

– Formålet med dei nye, strenge tiltaka er å bryte ei eventuell ny smittebølge. Vi må nå vente med å ta opp att sosialt liv til det har gått 14 dagar, i det som vert ein sosial nyttårspause for alle, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Tiltaka vil foreløpig vare i 14 dagar, i håp om å få betre oversikt over situasjonen.

Anbefalingane for alle i heile landet:

Sosial kontakt

Unngå å ha gjester i heimen. Vent 14 dagar med private besøk. Unnatak for nødvendige heimetenester og besøk hos personar som er i livets siste fase. Aleinebuande kan ha besøk eller gå på besøk med ein til to faste vennar eller til ein fast husstand. Barn i barnehagar og barneskular kan få besøk frå eigen kohort. (Nytt)

Alle organiserte fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynssamlingar innandørs, tilrådast utsett til etter 18. januar. Dette gjeld også alle aktivitetar innandørs som samlar barn og unge på tvers av kohortar (Nytt)

Reiser

Unngå alle unødvendige reiser i inn- og utland. Hytteopphald med personar frå same husstand frårådast framleis ikkje.

Skular og utdanning

All undervisning og alle planlagde arrangement ved universitet, høgskular og fagskular vert digitale fram til 18. januar. (Nytt)

Alle landets vidaregåande skular og ungdomsskular går over til raudt nivå. (Nytt)

Det gjevast ikkje nasjonale føringar for nedstenging av folkehøgskulane eller bibelskulane. Folkehøgskulane følgjer anbefalingar og retningsliner frå lokale helsestyresmakter.

Arbeidsplassar

Heimekontor for alle som har moglegheit til dette. (Nytt)

Butikkar

Alle kjøpesenter og butikkar bør innføre antalsavgrensningar slik at det er mogleg å halde avstand samt ha åtgangskontroll. Regjeringa vil i løpet av de næraste dagane vurdere om det skal forskriftsfestast antalavgrensningar og åtgangskontroll. (Nytt)

Idrett

Aktivitetar utandørs kan gjennomførast dersom det er mogleg å halde god avstand.

Toppidretten og kulturutøvarar som har eit særskilt unnatak med eigen regulering, omfattast ikkje.

Reglar for heile landet

Private samankomstar og arrangement

Maksimalt fem personar på private samankomstar utanfor eigen heim, som til dømes ein bursdag i leigd lokale. Viss man er fleire enn fem i same husstand, kan sjølvsagt alle i husstanden møtast. (Nytt)

Maksimalt ti personar på innandørs idrettsarrangement, kulturarrangement, seminar, livssynssamlingar, seremoniar mv. Likevel 200 personar der alle i publikum sit i fastmonterte seter. I gravferder kan det vere opp til 50 personar, sjølv om seta ikkje er fastmonterte. (Nytt)

Dei fleste av desse arrangementa vil uansett ikkje vere i tråd med nasjonale anbefalingar og bør derfor utsettast eller avlysast.

Uteliv og serveringsstader

Det innførast nasjonalt forbod mot skjenking av alkohol på serveringsstader og arrangement. (Nytt)

Kyrkjevandring

De særlege reglene for kirkevandringer oppheves straks, i staden for frå 15. januar. (Nytt)

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer