Testinga vart avslutta seint onsdag kveld. Totalt vart det testa kring 87 personar, der 39 av desse var med hurtigtest – resten med dei vanlege PCR-testane. Prøvene vert køyrd til Molde tidleg torsdag morgon, og er framme i Molde klokka 11.20.
– Ein stor takk til alle dei som stilte opp for å få gjennomført testing i kveld, skriv kommuneoverlegen.
Tidlegare onsdag melde kommuneoverlegen om to smittetilfelle ved ei større bedrift i kommunen. Derfor vart det bestemt å gjennomføre massetesting av tilsette etter at fleire måtte gå heim frå jobb onsdag med luftvegssymptom.
– Vi ber om at alle i lokalmiljøet er ekstra obs på symptom og bestiller test på c19.no eller på 70030109 i legekontorets opningstid, skriv kommuneoverlegen.
Ifølgje ordførar Lena Landsverk Sande kan det vere aktuelt å innføre lokale tiltak for å få kontroll på utbrotet. Dette er under vurdering enn så lenge.