Åram ferjekai.
Åram ferjekai. FOTO: Møre og Romsdal fylkeskommune.

Utset nattarbeidet ved denne ferjekaia

Det vert likevel ikkje nattarbeid ved Åram ferjekai denne veka.

Førre veke kunne Synste Møre melde at det skulle vere nattarbeid ved Åram ferjekai natt til fredag 12. april. Torsdag morgon meldte også Norled dette på si nettside, med følgjande kansellering av bestillingsturen.

I ein ny e-post til Synste Møre, opplyser byggjeleiar Andreas Tennøy Brekke i Møre og Romsdal fylkeskommune at det grunna vêrforhold ikkje vert nattarbeid denne veka likevel, slik at bestillingsruta kan gå som vanleg.

– I staden satsast det på nattarbeid neste veke, natt til torsdag 18.04. Bestillingsturen kan då ikkje gå til Åram denne natta, skriv Brekke avslutningsvis.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer