ARBEID: Fylkeskommunen opplyser om at det vert nattarbeid ved Åram ferjekai nokre netter komande veke.
ARBEID: Fylkeskommunen opplyser om at det vert nattarbeid ved Åram ferjekai nokre netter komande veke. FOTO: Møre og Romsdal fylkeskommune

Nattarbeid ved denne ferjekaia komande veke

– I forbindelse med oppgradering av Åram ferjekai planlegg entreprenør med nattarbeid natt til torsdag og natt til fredag neste veke, skriv byggjeleiar Andreas Tennøy Brekke i ein e-post til Synste Møre.

Arbeidet som består av mudring og utdjuping av ferjebåsen, fører til at bestillingsturen til og frå Åram vert kansellert natt til torsdag 11. april og natt til fredag 12. april.

– Det skal ikkje vere spesielt støyande arbeid, men om nokon vert negativt påverka bes dei ta kontakt med underteikna så vi i samråd kan finne ei løysing, opplyser Brekke.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

1 Kommentar
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer
trackback
Utset nattarbeidet ved denne ferjekaia – Synste Møre
20 dager siden

[…] veke kunne Synste Møre melde at det skulle vere nattarbeid ved Åram ferjekai natt til fredag 12. april. Torsdag morgon meldte også Norled dette på si nettside, med følgjande […]