korona rådhus

Uoversiktleg smittesituasjon i Vanylven

Søndag ettermiddag skriv kommuneoverlege Cecilie Oppedal at smittesituasjonen i Vanylven er uoversiktleg.

– Vi har som tidlegare meldt testa 65 personar med PCR-test laurdag. Desse ventar vi framleis svar på, forhåpentlegvis i løpet av ettermiddagen/kvelden. I tillegg er det meldt om tre andre moglege smittehendingar. I det eine tilfellet er smittesporing ferdig, og ein vil gjennomføre testing av kontakter med PCR måndag. I det andre tilfellet er det gått ut ei fellesmelding til alle som var på same arrangement med oppfordring om å teste seg. Det tredje tilfellet er knytt til legekontoret, der ein tilsett har testa positivt på ein hurtigtest. Vedkomande er testa på nytt, og testa då negativt. Det vil bli gjennomført PCR-test måndag. Alle andre tilsette ved kontoret har testa negativt på hurtigtest, og ein vil oppretthalde denne testinga til PCR-svar ligg føre, skriv Oppedal.

Legekontoret vil bli drifta som normalt. Kommuneoverlegen oppfordra alle til å følgje dei nye nasjonale føringane:

  • Si ja til vaksine
  • Halde seg heime og teste seg ved sjukdom
  • Halde avstand til andre, gjerne ein meter der det er mogleg
  • Unngå handhelsing og klemming
  • Vaksne bes vurdere om dei kan redusere talet kontakter
  • Bruke munnbind der det ikkje er mogleg å halde avstand, på butikk, kjøpesenter, i taxi og kollektivtransport
  • Bruke munnbind i kontakt med helse- og omsorgstenesta

Kommentarer

Her er du velkomen til å debattere saka videre. Men tenk gjennom korleis du vil fram stå og kva uttrykk du brukar. Ein liten huskeregel: Ikkje skriv noko som du ikkje kunne ha ropt ut på torget med mange tilhøyrarar. Du må bruke fullt namn - falske profilar vert utestengt. Hald deg til saka, vis respekt og stor rausheit overfor andre. Trakassering, truslar og hatske meldingar slettast. Hald deg innanfor lova.
Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer