Det var fredag kveld at kommuneoverlege Cecilie Oppedal melde om eitt smittetilfelle hos ein av dei tilsette i Syvde barnehage.
Derfor vart det opna for testing laurdag, og kommuneoverlegen oppfordra både barn og foreldre ved Syvde barnehage om å teste seg. Laurdag testa heile 65 personar seg på teststasjonen på Fiskå.
– Prøvene er sendt med bil til Ålesund no for å rekke transporten til Molde klokka 15.15. Vi håper då å få svar i morgon, skriv Oppedal til Synste Møre i 13-tida laurdag.