koronaball

Tre tilsette i Syvde barnehage med positiv test

Søndag kveld melder kommuneoverlege Cecilie Oppedal om tre nye smittetilfelle blant tilsette i Syvde barnehage.

– Det er eit fåtal prøver som det ikkje har kome i svar på i kveld. Desse personane er i karantene til svare ligg føre. Det er drive smittesporing etter gjeldande retningsliner. Barnehagen er også i dialog med foreldre som har barna sine i den aktuelle barnehagen, skriv Oppedal.

Dette kjem etter at det fredag vart meldt om eitt smittetilfelle hos ein tilsett i barnehagen. Laurdag testa 65 personar seg ved teststasjonen på Fiskå.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer