Testing

Smitteutbrot ved Hofseth

Ber folk ha låg terskel for å teste seg

Onsdag vart det avdekt eit større smitteutbrot ved Hofseth i Syvde. Kommuneoverlegen ber folk teste seg ved det minste symptom.

26 av 39 hurtigtestar utført onsdag, var positive. Totalt vart det testa 87 personar onsdag, der dei resterande var PCR-testar. Desse er torsdag morgon på veg til Molde, og testsvar er venta i løpet av kvelden.

Kommuneoverlege i Vanylven, Cecilie Oppedal, ber folk om å vere obs på luftvegssymptom. Ho oppfordrar folk til å teste seg.

Ho legg til at dei også har ledig kapasitet til vaksinering torsdag. Her må ein vere obs på at det må ha gått minimum tre veker mellom første og andre dose.

– Vi har ledig vaksinekapasitet klokka 12. Ta kontakt, seier ho til Synste Møre torsdag morgon.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer