Hofseth Syvde
Hofseth Syvde FOTO: Tanja Anett Thunem

Større smitteutbrot ved Hofseth i Syvde

Onsdag kveld melder kommuneoverlegen i Vanylven om eit større utbrot ved Hofseth i Syvde. 26 av 39 hurtigtestar er positive.

Testinga vart avslutta seint onsdag kveld. Totalt vart det testa kring 87 personar, der 39 av desse var med hurtigtest – resten med dei vanlege PCR-testane. Prøvene vert køyrd til Molde tidleg torsdag morgon, og er framme i Molde klokka 11.20.

– Ein stor takk til alle dei som stilte opp for å få gjennomført testing i kveld, skriv kommuneoverlegen.

Tidlegare onsdag melde kommuneoverlegen om to smittetilfelle ved ei større bedrift i kommunen. Derfor vart det bestemt å gjennomføre massetesting av tilsette etter at fleire måtte gå heim frå jobb onsdag med luftvegssymptom.

– Vi ber om at alle i lokalmiljøet er ekstra obs på symptom og bestiller test på c19.no eller på 70030109 i legekontorets opningstid, skriv kommuneoverlegen.

Ifølgje ordførar Lena Landsverk Sande kan det vere aktuelt å innføre lokale tiltak for å få kontroll på utbrotet. Dette er under vurdering enn så lenge.

Kommentarer

Her er du velkomen til å debattere saka videre. Men tenk gjennom korleis du vil fram stå og kva uttrykk du brukar. Ein liten huskeregel: Ikkje skriv noko som du ikkje kunne ha ropt ut på torget med mange tilhøyrarar. Du må bruke fullt namn - falske profilar vert utestengt. Hald deg til saka, vis respekt og stor rausheit overfor andre. Trakassering, truslar og hatske meldingar slettast. Hald deg innanfor lova.
Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer