koronaball

Smitteutbrotet i Stad

Fem tilsette og eitt barn har fått påvist smitte

Seint fredag kveld melde Stad kommune om seks nye smittetilfelle i kommunen.

– Torsdag vart 40 personar testa på Nordfjordeid. Dei fleste av desse var personar som vart testa på grunn av symptom på sjukdom. I Selje vart 89 personar testa torsdag. Blant desse var tilsette og born i to av avdelingane i Selje barnehage som vart sett i karantene som nærkontaktar onsdag kveld, og omkring 40 personar som vart testa på grunn av symptom på sjukdom, skriv ordførar Alfred Bjørlo i ei pressemelding.

– Resultat fredag kveld viser at fem tilsette og eitt barn i Selje barnehage har fått påvist smitte. Alle dei smitta har utvikla symptom dei siste dagane. Dei nye smittetilfella har til saman om lag 40 nærkontaktar. Nærkontaktar er sett i karantene og vert testa laurdag. Husstandsmedlemmar er sett i ventekarantene, skriv Bjørlo.

Fredag vart 168 personar testa på Nordfjordeid og 148 personar i Selje. Prøvesvar er venta i løpet av helga. Arbeidet med oppfølging av nærkontaktar i karantene, gjenteken testing av desse og testing av alle personar med symptom på sjukdom, held fram.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer