koronaball

Fleire hundre i karantene

Har stengt både skulen og barnehagen i Selje

Torsdag kveld melde Stad kommune om atten nye smittetilfelle i kommunen. I dag er både skulen og barnehagen i Selje stengt.

150 personar sit i karantene, i tillegg sit fleire hundre i ventekarantene, skriv Fjordenes Tidende.

– Onsdag vart om lag 90 personar testa for covid-19 i Stad kommune. Dette var første test av nærkontaktar til nyleg påviste smittetilfelle i Selje, oppfølgande testing av personar som er i karantene i husstandar med påvist smitte tidlegare i utbrotet, og personar som har testa seg på grunn av symptom på sjukdom, skriv ordførar Alfred Bjørlo i ei pressemelding.

Til saman er det 18 nye smittetilfelle påvist torsdag – 13 i Selje og fem på Nordfjordeid.

– Eitt av tilfella som er påvist torsdag kveld har usikker smitteveg. Dei kommande dagane vil vidare kartlegging og prøvesvar avgjere om det er grunnlag for meir inngripande tiltak i handteringa av utbrotet. Utbrotsgruppa ved Folkehelseinstituttet deltek i desse vurderingane og følger situasjonen tett saman med kommuneoverlegen. Arbeidet med oppfølging av nærkontaktar i karantene, gjenteken testing av desse og testing av alle personar med symptom på sjukdom, held fram. Meir informasjon vil komme fortløpande i dagane som kjem, skriv Bjørlo

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer