Stad: Fem nye smittetilfelle torsdag morgon

Prøvesvar onsdag kveld viste at til saman fem nye personar har fått påvist smitte etter testing tysdag.

– Tre av desse personane var allereie i karantene på grunn av kjent kontakt med tidlegare smitta, og desse tre smittetilfella utløyser ingen nye nærkontaktar. Dei to andre tilfella er personar som testa seg ved Selje legekontor tysdag på grunn av symptom. Foreløpig kartlegging viser ei sannsynleg kopling til utbrotet på Nordfjordeid og til smittetilfellet som vart påvist i Selje i går. Desse to nye tilfella utløyser til saman ca 15 nærkontaktar. På grunn av ei utvida kartlegging tysdag kveld, vart mange av desse nærkontaktane sett i karantene allereie tysdag kveld og testa onsdag. Husstandsmedlemmer til alle nærkontaktar er sett i ventekarantene, skriv ordførar Alfred Bjørlo i ei pressemelding.

Han legg til:

– To born i familien til ein av dei to nye smitta i Selje, er vurdert å kunne vere smitta. Begge borna går i Selje barnehage, og dei kan då ha vore smittsame inn i avdelingane dei går i tysdag og måndag. Born og tilsette i desse to avdelingane i Selje barnehage er sett i karantene og vert testa torsdag. Husstandsmedlemmar til borna/dei tilsette er sett i ventekarantene i påvente av negativt svar på testen. Eit større tal personar vart elles testa på bakgrunn av symptom på sjukdom tysdag. Alle desse testane var elles negative.

Arbeidet med oppfølging av nærkontaktar i karantene, gjenteken testing av desse og testing av alle personar med symptom på sjukdom, held fram. Onsdag vart om lag 90 personar testa. Prøvesvar på desse er venta torsdag kveld.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer