koronaball

Fem nye smittetilfelle i Stad

Måndag kveld fekk Stad kommune svar på 52 covid-19-prøver som vart tekne søndag. Svara viser at fem nye personar har testa positivt for covid-19. Av desse er tre personar i same husstand som frå før hadde seks smitta personar.

I tillegg har ein lærar og ein elev ved vaksenopplæringa på Nordfjordeid fått påvist smitte. Begge desse er nærkontaktar til eleven som tidlegare har fått påvist smitte ved vaksenopplæringa.

I Stad kommune har no til saman 13 personar fått påvist smitte i samband med utbrotet. Ni av desse personane er i same husstand. Det skriv ordførar Alfred Bjørlo i ei pressemelding.

– Alle dei påviste smittetilfella i saka kan koplast til kvarandre, men ein har framleis ukjent smitteveg til opphavet til utbrotet. Det er ikkje kome svar på om det dreiar seg om ein mutert virustype, skriv ordføraren.

Avhengig av testresultat og vidare kartlegging dei kommande dagane, vil kommunen fortløpande vurdere behovet for ytterlegare smitteverntiltak.

– Kommunen har testa omkring 170 personar måndag. Ein held fram med omfattande testing tysdag. Måndag kveld er til saman omkring 200 personar i karantene. I tillegg kjem omkring 65 elevar ved Eid ungdomsskule og eit større tal husstandsmedlemmar som er i «ventekarantene» dei næraste dagane, skriv Bjørlo.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer