koronaball

130 i karantene og ukjend smitteveg:

Større smitteutbrot i Stad kommune

Rundt 130 personar i karantene i Stad kommune, etter at åtte personar har testa positivt for Covid-19. Smitten har ukjend smitteveg, og det vert testa for å finne ut om det er ein mutert virusvariant.

I ei pressemelding frå Stad kommune søndag kveld, skriv ein at kommunen har drive smittesporing i samband med påvist tilfelle av covid-19 sidan fredag 7.mars. Seks av dei smitta er i same husstand, og i tillegg er eit tilfelle i Stryn kopla til utbrotet.

Skuleklasser og barnehage i karantene

Blant dei smitta er det elevar i to av klassene ved Nordfjordeid skule og eit barn i barnehage. Det er også registrert ein smitta i elevgruppa i vaksenopplæringa. Alle borna i dei to skuleklassane og den aktuelle barnehageavdelinga er definert som nærkontaktar og vert sett i karantene, dette gjeld også elevar ved vaksenopplæringa.

– Det er gjort eit omfattande arbeid med kartlegging av nærkontaktar til personar med påvist smitte. Alle nærkontaktar vert sett i karantene og testa. Alle dei smitta er sett i heimeisolasjon. Det er framleis uklart kva som er opphavet til smitten og smittevegen er dermed ukjent, skriv kommuneoverlege Thomas Viken Vedeld og ordførar Alfred Bjørlo i pressemeldinga.

Mogleg mutert virusvariant

Søndag kveld var det testa rundt 65 personar, og måndag vert alle barn i skuleklassene og barnehageavdelinga testa, og ein ventar svar på desse testane tysdag kveld. Prinsipp om «ventekarantene» gjeld dei som er i same husstand som barna og andre nærkontaktar i samband med utbrotet.

– Kommunen sine tiltak i saka tek høgde for at det kan dreie seg om ein mutert og svært smittsam virusvariant, og ein har i første fase vore liberal med bruken av karantene og testing, står det i pressemeldinga.

Svaret på desse analysane kjem dei neste dagane, og kommunen ber om at alle innbyggjarane tek ekstra omsyn i tida som kjem, då det er ukjend smitteveg og mogleg mutert virustype.

Følgjer med på utviklinga

Kommuneoverlege i Vanylven, Cecilie Oppedal seier at ein ikkje set inn nokon ekstra tiltak i Vanylven på grunn av utbrotet i nabokommunen.

– Folk må følgje smittevernstiltaka og vere flinke å teste seg. Så får vi følgje med på testresultata som kjem desse dagane, seier ho.

Oppedal seier at Vanylven testa 1,4 prosent av innbyggartalet førre veke, som var ei forbetring frå tidlegare.

– Det er bra folk testar seg, då dette er den einaste måten å få oversikt, seier kommuneoverlegen.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer