Testlokala på Fiskå.
Testlokala på Fiskå. FOTO: Vanylven kommune

Ingen fleire smittetilfelle

Ventar fleire prøvesvar måndag

Alle testane som vart utført laurdag var negative. Men grunna logistikkutfordringar ventar ein framleis på prøvesvara på kring 30 testar som vart utført fredag.

– Prøvene frå fredag vert analysert og svar kjem i løpet av dagen. Viss dei er negative, har vi rimeleg grei kontroll, seier kommuneoverlege Cecilie Lillejord Oppedal.

Førre veke var det som kjend heile fem koronatilfelle i Vanylven, og alle fem hadde ein familierelasjon.

Sjølv om det skulle vise seg at også prøvene frå fredag er negative, vil kommuneoverlegen likevel oppfordre folk til å vere på vakt.

– Det er viktig at vi let oss teste og held ut til vaksinen kjem, seier Oppedal.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer