Tre nye smittetilfelle stadfesta fredag kveld

Kommuneoverlege Cecilie Oppedal melder om tre nye smittetilfelle fredag kveld.

Alle tre er nærkontaktar av dei to tilfella frå tidlegare i veka.

Nytt smittetilfelle i Vanylven

– Desse er no sett i isolasjon. Ingen er elevar ved skulen. Det vert arbeidd med smittesporing, og alle nærkontaktar vert kontakta i løpet av kvelden, skriv kommuneoverlegen i ei pressemelding.

Det gjeld nærkontaktar både i Vanylven og i andre kommunar, og dei andre kommunane er allereie varsla. I tillegg bidreg FHI.

Testing laurdag

Med bakgrunn i smitteutbrotet, vert det opna for testing i morgon laurdag 19. desember.

– Vi oppfordrar til å melde seg for testing ved luftvegssymptom, skriv kommuneoverlegen.

Prøvene vert frakta frå Vanylven laurdag klokka 12.00.

Kommentarer

Her er du velkomen til å debattere saka videre. Men tenk gjennom korleis du vil fram stå og kva uttrykk du brukar. Ein liten huskeregel: Ikkje skriv noko som du ikkje kunne ha ropt ut på torget med mange tilhøyrarar. Du må bruke fullt namn - falske profilar vert utestengt. Hald deg til saka, vis respekt og stor rausheit overfor andre. Trakassering, truslar og hatske meldingar slettast. Hald deg innanfor lova.

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer