Møteplassen brukthandel, Syvde

30. april, 2024 kl. 14:00
Vanylven Røde kors

Møteplassen brukthandel

Vanylven Røde Kors

Møteplassen er ein plass for folk å møtast. Ingen aldersgrense for å stikke innom oss. Her kan du treffe kjente og ukjente i alle aldrar. Her sitte praten laust i sofaen. Folk kosar seg med ein kaffikopp og kanskje ei nysteikt vafle. Møteplassen er også ein bruktbutikk. Men her er ikkje kjøpeplikt, vi driv denne plassen like mykje for å ha eit sosialt tilbod.

Møteplassen Brukthandel ligg i Syvde sentrum. Du finn huset nedom Comfort-butikken.

Tirsdag kl 14 – 17.30, lørdag kl 11 – 15