koronaball

Nytt smittetilfelle i Stad

Ein ny person i Stad kommune smitta med Covid-19, melder kommunen onsdag føremiddag.

Prøvesvar tysdag kveld viser at ein ny person har fått påvist covid-19 etter testing på Nordfjordeid måndag.

– Personen er helsepersonell og tilsett på Dagsenteret ved Hogatunet. Vedkommande er vaksinert med første dose av AstraZeneca-vaksinen i mars i år. Det finst ein sannsynleg smitteveg. Nærkontaktar vert sett i karantene og testa onsdag. Dagsenteret held stengt inntil vidare. Brukarar ved Dagsenteret er fullvaksinerte og tilsette har fått fyrste vaksinedose. Det vert likevel gjort ei utvida kartlegging med testing blant brukarar og tilsette, melder kommunen i ei pressemelding.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer