FAST: Rundt 20 bilar står fast på MF Kvam på Åram ferjekai i kveld. Feilen vert tidlegast utbetra kl 21.00, melder Norled.
FAST: Rundt 20 bilar står fast på MF Kvam på Åram ferjekai i kveld. Feilen vert tidlegast utbetra kl 21.00, melder Norled. FOTO: Berit Løvoll Strand

Tekniske problem på Åram:

Ferje stod fast og bilar kom seg ikkje på land

Det var tekniske problem på sambandet Larsnes – Åram – Voksa – Kvamsøya søndag.

Norled melde søndag kveld på sine sider at grunna tekniske problem var A-ruta midlertidig innstilt. Bilferja MF «Kvam» stod fast i køyrebrua på Åram, og dei rundt 20 bilane ombord kom seg ikkje på land.

Servicepersonell vart tilkalla for utbetring av feilen, og Norled melde i 18.30 tida at det var uvisst kor lenge dette ville ta, men ikkje før tidlegast 21.00, skreiv dei.

– Bilane kan ikkje køyre på land på grunn av køyrebrua sin posisjon. Passasjerar har fått høve til å gå på land, men det er cirka 20 passasjerar igjen på ferja, opplyser Katrine Meldahl, ferjesjef i Norled i ein sms til Sunnmørsposten

Passasjerbåten MS Liv vart sett inn i rute kl. 19.50 frå Larsnes inntil feilen vart utbetra.

– NB! Liv er kun ein passasjerbåt, og tek ikkje bilar, skriv Norled.

Tidlegare på dagen var også B-ruta i sambandet innstilt grunna tekniske problem.

Klokka 22.11 søndag var feilen utbetra og bilar og reisende kom seg på land.

– B-ruta blir fortsatt innstilt måndag morgen og inntil videre, grunnet tekniske problemer, opplyser Norled.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer