STRATEGI OG PLAN FOR REKRUTTERING: HR-leiar Inge Sveen viser fram Vanylven kommune sin rekrutteringsstrategi og handlingsplan for åra 2023-2026. Innsatsområda dei har vektlagt er: 1.Profesjonalitet i rekrutteringsprosessar, 2.Leiing og leiarutdanning, 3.Kompetanseforvaltning og karriereutvikling, 4.Ungdomsutdannings- og yrkesval, 5.Innovasjon, teknologi og arbeidskraftreservar og 6.Profilering og omdømmebygging.
STRATEGI OG PLAN FOR REKRUTTERING: HR-leiar Inge Sveen viser fram Vanylven kommune sin rekrutteringsstrategi og handlingsplan for åra 2023-2026. Innsatsområda dei har vektlagt er: 1.Profesjonalitet i rekrutteringsprosessar, 2.Leiing og leiarutdanning, 3.Kompetanseforvaltning og karriereutvikling, 4.Ungdomsutdannings- og yrkesval, 5.Innovasjon, teknologi og arbeidskraftreservar og 6.Profilering og omdømmebygging.

Fokus på lærlingar og rekrutteringsstrategi i Vanylven

Rekruttering og lærlingar var hovudtema da vi tok ein prat med sentrale aktørar i Vanylven kommune på disse to felta. Dette er tema Vanylven kommune er opptekne av gjennom heile året, og ikkje minst i desse dagar når dei no har fått på plass både ein ny rekrutteringsstrategi og ein handlingsplan på rekrutteringsfeltet.

Samfunnet treng fagarbeidarar for å sikre gode tenester i framtida, og Vanylven kommune ønsker å lære opp fleire unge og forhåpentlegvis behalde kompetansen i ettertid. 

– Til tross for behovet, ser vi dessverre at færre og færre vel å søke læreplass i kommunen, seier Inge Sveen som er HR-leiar i Vanylven kommune. 

Han viser til at dette nok kan henge saman med at vidaregåande i Syvde vart lagt ned for ei tid tilbake.

– Behovet for lærlingar finn vi i fleire sektorar, seier han vidare. Han nemner særleg helse- og omsorgssektoren og kultur- og oppvekstsektoren.

Lærlingar

Både kommunalsjef for helse og omsorg, Eli Tefre Nordal, og avdelingsleiar på sjukeheimen på Fiskå, Rose-Mari Nygård, er einige i at behovet for fleire lærlingar er til stades. Nygård viser til at søkartala har gått opp og ned. 

LÆRLING: Marte Ø. Thue, som er lærling, og Rose-Mari Nygård har ein givande arbeidsdag saman på sjukeheimen på Fiskå.

– Før hadde vi i alle fall ein per avdeling. No går talet berre ned, og vi har ikkje fått nokon søknadar i år, seier ho. 

Nygård viser også til at det er fleire vegar til eit fagbrev enn det var tidlegare. Det er ulike ordningar for vaksne tilsette som ønsker å ta fagbrev, i tillegg til ordinær læretid. Her kan nemnast «fagbrev på jobb» og «yrkesfagleg rekvalifisering». 

– Vi må hanke inn ungdomen før dei drar bort, seier Nygård.

Ei som er lærling i Vanylven kommune er Marte Ø. Thue. Ho er lærling på sjukeheimen på Fiskå, og er veldig fornøgd.

– Det er fleire fordelar ved å velje ein lærlingplass, seier ho. Eg lærer mykje og får vere på alle avdelingane. Og her som eg er, er det veldig flinke folk, flotte pasientar og ikkje minst lærer eg noko nytt kvar dag, seier Thue. 

Ho føler seg ikkje åleine, og seier at ho har kontakt med andre lærlingar heile vegen, ho er på samlingar, fagseminar og på kurs innimellom. Dei som jobbar på sjukeheimen er også veldig glade for å ha lærlingar der. 

– Det er kjekt for oss å ha lærlingar. Vi ser at dei lærer mykje den tida dei er her, og det gjer vi også. Dette er gjensidig, seier Nygård.

For kultur- og oppvekstsektoren er også behovet for lærlingar til stades. 

– Det er behov for lærlingar i kultur- og oppvekstsektoren. Og da særleg på skular og i barnehagar, seier kommunalsjef for kultur- og oppvekst, Frode Vik. – Eg opplever skular og barnehagar som positive til å ta inn lærlingar og vi vil nok ikkje seie nei om fleire ønsker det, seier han. Også dei hadde litt fleire søkarar tidlegare. 

Vik viser også til at det må være spanande å være lærling.

– Vi har fagleg sterke skular og godt kvalifiserte lærarar. Så her kan vi tilby god fagleg kompetanse og mykje læring for lærlingane. Vi ønsker veldig gjerne å ha fleire, seier Vik.

Rekrutteringsstrategi og handlingsplan

I tillegg til å vere opptekne av å få inn lærlingar er Vanylven kommune også opptekne av å sikre arbeidskraft for framtida på annan måte. Rekruttering av rett kompetanse, og å utvikle den arbeidskrafta dei allereie har, er viktig for å kunne levere effektive tenestar med høg kvalitet til innbyggjarane i Vanylven.

– No har vi lagt fram både ein rekrutteringsstrategi, «Rekrutteringsstrategi for Vanylven kommune 2023-2026», og ein handlingsplan, som skal støtte opp under denne rekrutteringsstrategien, seier Sveen. 

Handlingsplanen har fått namnet «Handlingsplan for rekruttering i Vanylven kommune 2023-2026» og der legg dei fram konkrete tiltak for å styrke rekrutteringsstrategien. Det er særleg på seks område dei skal sette inn ein innsats for å sikre arbeidskraft i framtida. 

– Dei seks områda er profesjonalitet i rekrutteringsprosessar, leiing og leiarutvikling, kompetanseforvaltning og karriereutvikling og ungdom sitt utdannings- og yrkesval. I tillegg på områda innovasjon, teknologi, arbeidskraftreservar og utanlandske arbeidsmarknad og området profilering og omdømmebygging, seier Sveen.

Brei forankring

Kanskje er du ein av dei som svarte på spørjeundersøkinga som var lagt ut på heimesida til kommunen om rekruttering i Vanylven kommune? Du har da også gitt innspel til det som i dag er blitt til denne handlingsplanen for rekruttering. For handlingsplanen er eit resultat av eit arbeid med brei forankring. 

– Arbeidsgruppa bestod av tillitsvalte, kommunalsjefane for område helse- og omsorg og kultur- og oppvekst, og HR. Og vi har fått innspel frå tilsette og innbyggjarar gjennom spørjeundersøkingar.  Vi er den første kommunen på Søre Sunnmøre som har ein slik rekrutteringsstrategi, og du finn både rekrutteringsstrategien og handlingsplan for rekruttering på Vanylven kommune sine heimesider, seier Sveen.

Tiltak 

Vanylven kommune har allereie sett i gang nokre, og skal sette i gang fleire tiltak opp mot dei ulike innsatsområda som er skisserte. Mellom anna viser handlingsplanen at dei skal innføre leiarsamling tre gongar i året, ha fokus på å etterstrebe faste tilsetjingar, utgreie noko dei kallar for «lojalitetsbonus» og kompetanseplanar. I tillegg skal dei ha eit eige prosjekt med kommunal ressursbank og vidareføre arbeid med heiltidskultur. 

Profilering og omdømmebygging blir også viktig. Planen er profilering av kommunen som arbeidsplass ved karrieredagar ved høgskular, og på yrkesmesser på dei vidaregåande skulane i regionen. Dei skal også greie ut måtar for å halde kontakt med utflytta ungdom som kan ønske å komme heim til Vanylven. Og ungdomen er også sentral. For saman med tiltaka ovanfor er det også ei rekke andre tiltak som spesifikt rettar seg mot ungdom og deira utdannings- og yrkesval. Planen er å utgreie alternativ for å rette fokus på utdanningsval i ungdomsskulane og gi praktisk og teoretisk erfaring. Vanylven kommune planlegg ulike moglegheiter for elevar på ungdomsskulen å prøve seg i ulike yrker, samt vidareføre sommarjobbgaranti for ungdom.

– Vi er nøgde med arbeidet, seier Sveen. 

Planen finn ein, som nemnt, på heimesidene til Vanylven kommune. Og forhåpentlegvis vil dette arbeidet være med på å gi fleire hender til å utføre dei viktige oppgåvene som Vanylven kommune skal utføre. At ungdom og vaksne vert nyfikne og interesserte i kommunen som ein arbeidsplass og at dei unge vil flytte til kommunen. Og ikkje minst at søkjartalet på lærlingplassar stig. 

Søk gjerne

Fristen for å søke om lærlingplass var 1. mars, men du har framleis moglegheit til å få deg ein lærlingplass.

– Gjekk nokon glipp av søknadsfristen som var 1. mars og har lyst til å ha læreplass her i Vanylven, så er det berre å kontakte Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre. Her har vi framleis plassar og ønsker nye lærlingar velkommen, seier Sveen. Dei treng å lære opp fleire unge og forhåpentlegvis behalde kompetansen etter endt læretid.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer