Illustrasjon
Illustrasjon

Derfor ser du blålysaktivitet onsdag

Frå tidleg til seint onsdag vil det bli mykje blålys å sjå i Syvde.

Frå klokka 10 onsdag morgon skal Vanylven brann og redning ha øving i lag med industrivernet på Hofseth. Her vert det full uttrykking frå brannstasjonane, og det vert derfor blålys også mellom Fiskå og Syvde.

Frå klokka 17 onsdag ettermiddag skal Vanylven brann og redning ha ei samhandlingsøving i lag med helse og politi. Denne vil føregå i området rundt Myklebust skule. Brannsjef John Sindre Kragset oppfordrar publikum til å halde avstand frå øvinga på kveldstid. Øvinga her held på fram til klokka 21.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer