Sidan sist vi «snakkast» så har store delar av fritida mi gått med til å være ein del av det frivillig faste mannskapet ombord i verdas vakraste skip, nemlig Myklebustskipet som blir sjøsatt under «vikingdagane» på Nordfjordeid. Ein annan ting som har skjedd i livet mitt er at eg har blitt 50 år. Det at desse to tinga skjer omtrent samstundes kan være årsaka til at eg har grubla ein god del over kor fornuftig dette eigentlig er..?
Saka er den, at når ein passerar 50 år så er det vel kanskje på høg tid å verte vaksen? For samme kor mykje eg vrir hjernen min, så finn eg diverre ingen god grunn som kan på ein truverdig måte forsvare at ein familiefar med ansvar og plikter skal nytte dagesvis av tida si til å være så barnsleg at han vasar rundt inne på Eid og leikar viking. Og samme kor eg kler meg, og oppfører meg, så er det eit uomtvistelig faktum at eg er fødd i år 1975, ikkje år 975. Eg skal ikkje gje meg ut på nokon stor analyse eller diskusjon av nytteverdien til ulike hobbyar, men vi kan vel kanskje være einige i at der er mange timar som blir brukt på ulike hobbyar som nok reint teknisk sett kunne ha vore nytta til meir samfunnsnyttige og fornuftige ting.
TAMPAR: Bjørnar Berge.
Så kvifor gjer vi det? For eit par år sidan nemnde eg for den nest eldste dottera mi at eg syntest at eg konstant var bakpå med gjeremål og at eg gjekk med ein konstant stressfølelse. Då spurte ho meg: «Har du nokon hobby, pappa?» Eg kunne stolt ramse opp fleire ulike verv og oppgåver, både i ulike organisasjonar og politikken, så hobbyar hadde eg. Det var så absolutt ikkje mangel på hobbyar som var årsaka til stresset og mageknipen.
Ho såg litt oppgitt på meg ei stund før ho sa: «Okey. La meg stille spørsmålet litt annleis. Har du ein hobby som ikkje følest litt som ein jobb?» Då vart det plutselig ikkje like lett å svare…
Nokre veker etterpå kom eg over ei annonse om at Sagastad skulle stifte Myklebustskipet rolag. Perfekt! tenkte eg, og reiste på infomøte. Og slik enda eg opp som ein del av denne store gjengen med frivillige som må til for å gjennomføre desse dagane med «vikingleik» på Eid.
Det er kjekt, spanande, interessant, givande, artig og enormt sosialt. Men fornuftig?
Eg har byrja å forstå poenget som dottera mi ville fram til.
Det er nok svært viktig at vi menneska tek oss tid til litt «meiningslause aktivitetar» i ein hektisk kvardag.Det kan til dømes vere å skru på ein gamal bil, på trass av at ein gjerne har opptil fleire nyare bilar som fungerar heilt fint. Det kan vere å reise på laksefiske eller jakturar, sjølv om prisen for reise, opphald, fiskekort og jaktrettar representerar ein verdi som langt på veg kunne ha fylt frysaren med mat om ein gjekk på butikken og handla i staden. Nokre likar å omgi seg med halvferdige strikkeprosjekt. Andre likar å bygge modellbåtar, padle eller pusle.
Lista kan bli veldig lang, men hovedpoenget er at hjernen vår nok har behov for at vi tek oss tid til ei «meiningslaus» pause ifrå ting som Excel-ark, prosedyrar, avviksrapportar og daglege rutinar, og så vidare…
Ja rett og slett få lov å gå litt på tomgang i ein form for «hjernevask». Eller slik som eg, som leikar viking inne på Eid saman med kjendisar, rikspolitikarar, ministrar, supermodellar og verdensmeistrar av ulike slag og føler at eg har menga meg litt med «fiffen» før eg brått blir teken ned igjen til jorda og kvardagen der eg kjem heim etter «tokt».
Kledd og pynta som barsk viking stig eg fram på golvet, held inn magen, strammar meg opp og er førebudd på beundrande og kjærlege blikk frå mi kjære «skjoldmøy». Ho ser på meg med ei lett overbærande mine, og seier: «Før du tek av deg skoa, kan du bære ut posen med våtorganisk før den begynde å lukte?»