ØVERBERG på Kilebrekka.
ØVERBERG på Kilebrekka. FOTO: Ole Magne Kvalsvik

Øverberg – gard før vegar fanst

I dag er dei mest som avsidesliggande og einbølte fjellgardar og øydegardar å rekne, men gjennom fleire århundre var det liv og aktivitet på dei to gardane på Øverberg på Kilebrekka.

Om du har køyrt over Kilebrekka, noko vi trur dei fleste vil ha gjort nokre gonger, legg du godt merke til dei to gardane, som har husa kloss inn i vegen på Øverberg, om lag 330 moh. I dag ligg dei godt utanfor det vi vil kalle allfarveg og er brukte berre som feriestad, men her var det tidleg busetjing. Den første brukaren vi kan finne i ættebøkene er Eling Øvre Tverberg, som dreiv garden frå 1607 og framover, men her kan ha budd folk før den tid. Garden vart då kalla Øvre Tverberg og vi finn ulike eigarar inne i bildet, også St. Jørgen hospital i Bergen, som eigde 9 mrk. til 1857, og til dømes sokneprest Christoffer Hiermann, som er inne som eigar mellom 1672 og 1699. 

Ved folketeljinga i 1801 finn vi desse personane på garden Overberget, som det heiter i teljinga då:

Ole Abrahamsen f 1749 Huusbonde selveier
Gjertrud Ingebrigtsdatter f 1742 Hans Kone
Ane Olsdatter f 1775 Hendes Datter
Ole Olsen f 1782 Søn
Abraham Olsen f 1787 Søn

Ved folketeljinga i 1900 er bruket, Gnr 93, som då vert kalla Øvreberg, delt i to gardar med kvar sitt våningshus og løe, sjølv om den formelle delinga ikkje vart underskriven før i 1909. Vi ser at det bur til saman tretten personar på dei to gardane. 

På bruk nr 1, Berg Øvre, finn vi: 

Knud Rasmussen f 1842 Gaardbruger
Oline Olsdatter f 1850 Gaardbrugerkone
Andreas Knudsen f 1878 Jordbrugsarebeider og Snedkerlærling
Knud Knudsen f 1884 Jordbrugsarbeid
Mathias Knudsen f 1892 Søn
Ingeborg Knudsdatter f 1881 Husgjærningog Kreaturstel
Anna Knutsdatter f 1888  Datter
Anne Jensdatter f 1819 Pleiemoder, Kaarenke
Knud Olsen Vik f 1885 Bror av kone, gårdsarbeid

Det vert opplyst at der på dette bruket er 6 Kuer, 1 Kalv, 6 Får, 8 Geiter og 1 Hest 

GULLBRYLLAUP: Synneve og Ole på sine eldre dagar, truleg 1946. FOTO: Kåre Ulvestad

På den andre delen, bnr 2, Fjeldstad, finn vi:
Ole Knudsen f 1869 Gaardbruger  (son til Knud)
Synneve Ellingsdatter f 1869 Gaardmandskone
Knud Olsen f 1896 Søn
Oline Olsdatter f 1897 Datter
Johanne Ellingsdatter f 1884 Tjenestepige, Gaardsdrift

På dette bruket vert det gitt opp å vere 6 Kuer, 1 Kalv, 4 Får, 7 Geiter, 1 Hest

I tillegg opplyser folketeljinga at det vert halde fjærkre, altså høns, og dyrka korn og poteter. 

Ferdselsåre over fjella

Og medan dei to gardane i dag vert rekna for å ligge godt utanfor allfarveg, kan vi nesten seie at dei før vegar fanst låg midt i ferdselsåra. Her ferdast folk til fots mellom Syvde og Syltedalen, her var det relativt kort over til Almklovdalen, og overraskande stor må trafikken over Dua til Nordfjord ha vore. Til dømes vart enkja Gjertrud Ingebrigsdatter f 1746 same år som mannen Ole Sjursen døde, gift med Ole Abrahamsen Hjelle frå Stryn. Vi kan også ta med døme frå sogeheftet Fotefar i 2017, der Magne P Nordal fortel om korleis der kom personar frå Kjølsdalen og Haus og busette seg i Nordalen. Dei drog då «sitt jordiske gods» over Dua, og etter busetjinga gjekk det besøk både eine og andre vegen, som også kunne resultere i nye giftemål. Det gjeld også på Øverberg, der søster til Ole Abrahamsen sein-are kom på besøk og vart gift med odelsguten på Nedreberg. Ferdselen, og kontakten mellom bygdene var altså stor, sjølv om nokre nyhende også kan ha vorte formidla per brev. 

Ein god oppvekst

I dag er bruk nr 2, Fjeldstad, eigd av Knut M.  Øverberg (f. 1940), sonesonson av Knud ovan-for. Faren Johan f 1901 og kona Kristine f 1902 dreiv garden i lag med Johan sine foreldre, Ole og Synneve. Då låven brann i 1943 overtok Johan garden og bygde ny låve. Dei dreiv garden fram til ca 1965 då drifta vart lagd ned.
I lag med søskena Synneve f 1928, Ola f. 1930, Gustav f. 1932 og Arne (f 1934) vaks Knut opp på Øverberg. Han og broren Arne fortel om ein god oppvekst.
          – Vi hadde det vi trengte. Det var sjølvsagt lite pengar, og det gjaldt å vere sjølvhjelpne. Bestefar Ole var til dømes over til Nordfjord og kjøpte ei skosymaskin, som han og far brukte til å lage sko og beksaumarar til oss. Den drog han på kjelke på snøen over Dueskaret til Rota og ut att hit, fortel dei. 

HEIME: Dagens eigar Knut M. Øverberg, (t.v.) i lag med broren Arne i den koselege stova på Øverberg, der også mykje er teke vare på frå tidlegare tider. FOTO: Ole Magne Kvalsvik

Sjølvhjelpne

Det var likevel slik, før det vart bygd veg opp Bergsbakken, og særleg medan snøen låg, at det var vanskeleg å få frakta materialar og anna dei trong til gards, eller frakte ut varer. Folk på gardane var difor kanskje i enno større grad enn andre sjølvhjelpte. Det vart laga reiskapar, dei hadde smie, ysta og kinna, og dei hadde kvern og mol kornet sitt sjølve. Under andre verdskrigen vart det dessutan laga såpe, og på slutten av trettitalet og første åra av krigen vart det prøvd med reveavl. Då vart det mellom anna fanga villrev ute ved Raudegrøtet, som så vart para med sølvrev og ein fekk det som heiter korsrev. Denne vart slakta, pelsa og seld. Knut og Arne fortel dessutan at det under krigen, då det var vanskeleg å få tak i ein del matvarer i byane, rett som det var kom folk også oppe hos dei som ville kjøpe smør, ost og anna, og nokre av dei kanskje gav seg ut for å vere fjern slekt. 

Tidleg sol

Så skulle ein kanskje tru at avlingane var dårlege så pass høgt til fjells?

– Nei, seier Arne og Knut. Det ligg sånn til at vi har sola tidleg, og eg trur vi hadde like god avling som nede i bygda, der sola kom seinare, og vi starta slåtten på same tid. «Her er like så bra som nokon annan stad», brukte far å seie. Det einaste var at snøen låg lenge, slik at når det var snø her og bart nede i dalen, måtte vi ha eit hjulsett ståande nede i Bergsbakken, slik at far brukte hest og slede ned dit, og så vart det sette på hjul. 

Hadde det meste

På garden hadde dei den tida båsar til fem kyr, kalvebinge og kalvebås, eit trettitals geiter, eit titals sauer, gris, høns og hest. Dei hadde bærbuskar og dyrka mykje rabarbra, som det hende det kom folk for å få med seg av, kanskje i byte mot til dømes fisk, men frukt var det vanskeleg å få til. 

– Han bestefar brukte haustane difor å gå over til Nordfjord og kjøpe eple, som han så bar attende hit. Eg hugsar elles vi var mykje over i Syltefjorden, då kjea våre, som gjekk utover fjellet mot Støylsmannsvatnet og Kleinegga, ofte blanda seg med geitene på Lundehaugen hos Emilie og Abel, og vi var ofte dit for å hente dei. Elles var det kortare i Syltefjorden for både å kjøpe fisk og handle, enn ned til Syvde, fortel Knut. 

FORELDRA: Kristine og Johan Olsen Øverberg. Bilde henta frå ID-kort frå 1942 eller såkalla grensebevis.

Besøk

Og folk ferdast. Både mellom Syvde og Syltefjorden og over til Almklovdalen. Knut og Arne fortel at det var ofte folk innom, og sjølve var dei ofte på besøk til dømes over i Almklovdalen, der dei har slekt. 

– Då hadde vi alltid med oss strømpeskift, så vi kunne ta på oss reine (og ubrukte) strømper før vi kom til gards, minnest dei og ler litt av minna.

Levevegar

I seinare tid levde folket på Øverberg heller ikkje berre av garden. Dei to fortel at bestefar Ole gjekk som landpostbod frå Syvde og fram til Øverberg. I tillegg hadde han tydelegvis revisoroppdrag i banken. Då gjekk han til Fiskå, og i det heile var det å gå, noko som sette sine spor.

– Eg hugsar på sine eldre dagar kor han kom inn om kveldane og verkte i føtene og var opphovna. Då var det stundom han brukte å setje iglar, som var ei gammal rådgjerd som dei hadde tru på, fortel Arne

Fleire i familien var også tidvis på fiske, og faren, Johan, var også på fiske om vintrane og dreiv garden på sommarstid fram til han gifte seg i 1927.

– Men han far ville at vi gutane skulle ta landbruksutdanning, så det har vi gjort både Gustav, Arne og eg. Gustav og Arne på Eidså og eg på Gjermundnes, då skulen på Eidså var lagd ned, fortel Knut. 

STERKODER: Eller til vanleg meir kalla steinbukk, steinbrytar eller stubbebrytar, laga av Johan Øverberg. Ein svært nyttig reiskap når ein skulle bryte ny jord og fjerne steinar og stubbar. FOTO: Ole Magne Kvalsvik

Nyvinningar

Noko som faren tok seg til, då det i 1942 kom telefonlinje til Lade, var å få strekt linje opp til Øverberg, slik at ein raskare kunne ha kontakt med omverda om eitkvart stod på. 

– Han tok kostnaden sjølv med å strekke 750 meter galvanisert streng i luftspenn ned bakken, som han festa på T-jern i stein for ikkje å røre skogen. Det var ei stor vinning å ikkje vere så avsondra, men kunne få gitt og ta i mot beskjedar raskt, seier Knut og Arne. 

Lenge var det heller ikkje veg til gards, slik vi tenkjer det i dag. Det vart utover 1800-talet jamna ut og rydda ei sla ned gjennom sida til Saurdalen, slik at ein kunne frakte ting med hest som drog ein slede bak seg. Vi må då hugse at det heller ikkje langs bygdene ved fjorden var bygd ut så altfor mykje vegar. Først rundt 1930 vart så den første vegen i Bergsbakken bygd for ferdsel med hest og vogn, og køyrande med bil til ein snuplass midt i bakken, men god køyreveg heit opp i tunet kom ikkje før i 1959. 

– Han far kjempa hardt for å få mjølkerute til gards, men dei som budde nærast meieriet stritta i mot, for ein fekk to-tre øre meir for å frakte mjølka sjølve. Men etter kvart vart det henting nede ved snuplassen i bakken, og i 1959 kom bil-en heilt til gards, fortel knut. 

I 1950 kom det også elektrisitet fram til gardane.

Fråflytting

Men når born skulle på skule nede i Saurdalen, eller universitet, som Knut spøkefullt likar å kalle det, tok dei strakaste vegen, og særleg om vinteren på ski.

– Då stod vi rett ned, ler Arne. 

I byrjinga av 60-talet var det eigentleg meininga at han skulle overta drifta, men kona Brita var ikkje lysten å busetje seg på ein då tungdriven og avsidesliggande fjellgard. Dei andre syskena var også komne ut i verda, og det vart Knut, i dag busett på Hamar, som i 1965 fekk skøyte på garden. Han var då for lengst starta eit yrke i forsvaret, og arbeidde seinare mellom anna på Svalbard og i Tromsø.    

FJØSMUR: Denne muren vart sett opp i 1809 av Ole Olsen Øvreberget, og han fekk ein pris på fem riksdlar frå Søndmørs Praktiske Landhusholdningsselskap for å ha bygt fehus av stein. Som mykje anna er muren med og vitnar om eit dugande og framsynt folkeslag på garden. FOTO: Ole Magne Kvalsvik

Vedlikehald og feriestad 

Men etter at han i 1973 flytte til Hamar og byrja i jobb i Norsk Tipping, har turen gått fast kvart år til heimgarden for å halde han i hevd og kose seg der. 

– Og så er eg så heldig at eg har ein bror i Arne som er snikkarkyndig og har hjelpt meg mykje. Her er vêrhardt og viktig å halde ting i god stand, seier Knut. 

Etter at han vart pensjonist i 2007 har det også vorte meir vanleg med ein tur tidleg på sommaren for å vere på garden og stelle der. Då tar gjerne også Arne turen og dei to brørne held kvarandre med godt selskap der oppe på Øverberg. Seinare på sommaren kjem kone, born og borneborn på besøk, og det vert liv og røre att på fjellgarden på Kilebrekka, slik det ofte har vore bak gjennom tida. 

Tidstrådar

Og når dei to karane er i lag der oppe på garden, går tankane og praten ofte attende i tid. Øver-berg var nok ingen dårleg stad å bu, meiner dei.

– Nei, garden vart etter som han vart dyrka opp ein god gard etter tida sine forhold. I tillegg dreiv dei nok ein del jakt, og dei hadde fiske i fjellvatna, seier Arne.

Og fram til den motoriserte tidsalder og kjøpesamsfunnet gjorde sitt inntog, var det nok som far Johan sa det, at her var like godt som andre stader. Så når du køyrer gjennom tunet, la tankane gå til dei generasjonar som har levd sine liv her oppe på Øverberg i sorg og glede som andre. 

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer