ÅRAM ferjekai.
ÅRAM ferjekai. FOTO: Tanja Anett Thunem

Åram ferjekai stengd måndag

Første rundtur 07.00 og 07.00 til/ frå Åram vil gå som normalt. Elles vil ferjekaia vere stengd heile måndag 13. mai.

Grunnen til stenginga er funn av stål i pelepunkt, og for å rydde opp i dette må lekter ligge i ferjebås.

– Om arbeidet vert ferdig tidlegare, slik at det vil verte mogleg for ferja å gå om Åram igjen, vil entreprenør varsle dette snarast råd. Vi beklagar kort varsel og dei ulempene dette vil medføre for dei reisande, melder Andreas Tennøy Brekke, overingeriør i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Nattarbeid går som tidlegare meldt

Natt til tysdag 14. mai vil det verte nattarbeid på ferjekaia. Her går arbeidet i å grave ut for nytt landkar og montering av midlertidig køyrebru. Tennøy Brekke melder om at arbeidet ikkje vil medføre kanselleringar, men det vil ikkje vere mogleg å ta med køyretøy på ferjesambandet etter kl. 22.00 måndag.

– Det skal ikkje vere spesielt støyande arbeid, men om nokon vert negativt påverka bes dei ta kontakt med underteikna, så vi i samråd kan finne ei løysing, skriv Tennøy Brekke.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer