Vidar på altanen

Minneord:

Vidar har takka for roren

Det var ei uendeleg trist melding å få at livsdagen til Vidar Parr er slutt.
Han døydde 28. mars 2024, 71 år gamal. Han plagast med kreft i mange år. Denne våren stramma sjukdomen grepet.

Vidar etterlet seg sin kjære ektemake Sølvi Marie, fire barn og ni barnebarn, – og uendeleg mange vener og kjende. Han vart gravlagd frå Vanylven kyrkje 11. april.

Vidar Lauritz Parr vart fødd 21. februar 1953 høgt over Storfjorden i bygda Dyrkorn, der 17. mai-toget alltid gjekk nedoverbakke, som han sjølv skreiv i Synste Møre. Her fekk han ein god oppvekst. Alle fire besteforeldra budde også på Dyrkorn. Samværet med desse og humoristen tante Jenny i nabohuset sette nok sitt preg på Vidar som tidleg vart ein framifrå historieforteljar. 

Vidar flytta heimanfrå som 15-åring. Det vart realskule og hybelliv på Sjøholt, så til Nordfjordeid på landsgymnas og vidare til lærarskulen i Volda. Her vart han også redaktør i studentavisa Peikestokken, men først og fremst traff han medstudenten Sølvi. Som ferdig utdanna lærarar søkte dei etter arbeid på fleire stader. Dei hamna ein stad dei aldri hadde vore før; på Fiskå. Det skal vi vanylvingar vere svært takksame for!

Dei gifta seg i 1979, og fekk borna Maria, Håvard, Elisabeth og Synnøve. I 1987 flytta dei inn i nybygd hus i Hopeigna på Fiskå.

Vidar Parr har sett varige spor etter seg i Vanylven. Heldige var dei som hadde han til lærar på Åheim skule. Vidar var knytt til lokalavisa vår i mange år, og var redaktør frå 1998 til 2020. Han hadde etter det også fleire syslar i avisa heilt til han døydde. Alle vi som har arbeidt saman med Vidar hugsar han som ein lun, arbeidsam og tvers gjennom aldeles triveleg kar.

I avisyrket sitt hadde han ein svært god og særmerkt penn. Han var språkmektig, kunnskapsrik, treffsikker, ein god lyttar og ein menneskekjennar av rang. Ein  historieforteljar utan like. Han var ein god nyhendejournalist, ein glup observatør og ein kløktig leiarskribent. Aller best var han likevel på kulturfeltet. Som journalist og kommentator, men og som deltakar og programleiar. I uteljelege samkomer i Vanylven, men og i Sunnmøre Frilynde Ungdomslag, Sunnmøre mållag og i fleire andre organisasjonar. Han vart også lagt godt merke til i dei profesjonelle avismiljøa.

Det var universell klang i tekstane til Vidar.

Det var i arbeidet i lokalavisa eg vart kjend med Vidar. Vi hadde fleire arbeidsår i lag og mange gode samtalar heilt til det siste.  Heilt fram til kvelden 21. mars. Då ringde han meg og kom med bodskapen om at han var i ferd med å legge inn årane. Som i Henrik Straumsheims dikt (utdrag):

 «Ro stilt langsmed landet
med glede i sinn
om skuggane legg seg på fjorden,
sving opp imot støa,
legg årane inn,
og så kan du takke for roren.»

Eg gløymer aldri den kvelden. Vidar takka for roren.

Vidar var glad i gode tekstar og kloke ord, og flink til å løfte fram lokale skribentar.

Eg vil avslutte med å dele ein tekst frå ein som han sette høgt. Ein tekst som handlar om det ukjende som måtte kome. 

Arnold Nordal frå Syvde skriv dette som etterord i den lokalhistoriske boka si «Jofolket»:

 «Dersom ein går gjennom livet med opne sansar, kan ein vanskeleg la vere å erkjenne at ein har vore med på noko uendeleg stort, sjølv om ein også veit at vi berre er døgnfluger i livets store samanheng. Som alle skapningar er vi ein del av universet og er underlagde dei store evige lovene. Difor er det mi tru at når livsdagen vår er slutt, vil dei kreftene som er opphavet til alt, ta vare på oss på beste måte».

Vidar gikk gjennom livet med opne sansar. Takk for laget og roren.

Bjørnar Osnes

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer