Illustrasjonsbilde
Illustrasjonsbilde FOTO: Tanja Anett Thunem

Legg nok ein gong opp til nattarbeid her

Først vart nattarbeidet utsett frå førre veke til denne veka, men heller ikkje denne veka vart nattarbeidet gjennomført. No prøver ein igjen.

– Det vil verte nattarbeid natt til tysdag 23.04, skriv byggjeleiar Andreas Tennøy Brekke i Møre og Romsdal fylkeskommune i ein e-post til Synste Møre.

Arbeidet vil framleis bestå av mudring og utdjuping av ferjebåsen, og medfører at bestillingsturen ikkje kan gå om Åram natt til tysdag.

– Det skal ikkje vere spesielt støyande arbeid, men om nokon vert negativt påverka bes dei ta kontakt med underteikna så vi i samråd kan finne ei løysing, skriv Brekke avslutningsvis.

Kommentarer

Her er du velkomen til å debattere saka videre. Men tenk gjennom korleis du vil fram stå og kva uttrykk du brukar. Ein liten huskeregel: Ikkje skriv noko som du ikkje kunne ha ropt ut på torget med mange tilhøyrarar. Du må bruke fullt namn - falske profilar vert utestengt. Hald deg til saka, vis respekt og stor rausheit overfor andre. Trakassering, truslar og hatske meldingar slettast. Hald deg innanfor lova.

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer