Kulturskulerektor Lena Landsverk Sande melder måndag morgon at ein dessverre har fått beskjed om at båten har fått motorhavari og kjem seg derfor ikkje til Vanylven som planlagt.
Litteraturbåten, som vert omtala som Vestlandet sitt flytande kulturhus, har vore bokbåt i 60 år. I Møre og Romsdal vart tilbodet lagt ned i 2019, medan ei løyving i 2022 gav håp om å få tilbake litteraturbåten til fylket. Av rutene på nettsidene ser vi at det per no er berre framsyningar i Vestland fylke.
Kulturskulerektoren opplyser om at dei har tanke om å ta att besøket i september, då morgondagens besøk på Fagerholkaia på Fiskå ikkje vert noko av.