EPOS: Rom for ord engasjert skodespelar Lina Thaula Fjørtoft til å lage ei dramatisert lesing av boka, i samarbeid med formidlar Adele Lærum Duus som har regien på framsyninga.
EPOS: Rom for ord engasjert skodespelar Lina Thaula Fjørtoft til å lage ei dramatisert lesing av boka, i samarbeid med formidlar Adele Lærum Duus som har regien på framsyninga.

Open sak:

Ylva og villgeitene – på Fagerholkaia

Neste veke kjem Litteraturbåten Epos til Fiskå med framsyninga om Ylva og villgeitene. Hilde Myklebust si bok er godt kjend både i vår kommune og rundt om, så dette vert spennande.

I pressemeldinga skriv dei: Ylva og villgeitene er ei ny, musikalsk forteljeframsyning om å vere glad i naturen og om å vere modig og sterk når det trengst. Ylva og pappa er på veg til sommarhuset, som ligg ute ved havet. Men dei er ikkje aleine under dei bratte fjellsidene. Villbukken Svartskjegg og geiteflokken hans held også til her. 

Der på smale stien står han:
Breibeint, utemt, olm og frekk
Stenger vegen, senkar horna
«Eg kan ikkje jagast vekk!»

I lufta over dei kretsar ørna.  Ylva oppdagar noko nede i fjøresteinane. Noko lite og levande. Ei villgeit held på å få killingar, og ørna er på jakt. Kan Ylva klare å redde dei to killingane åleine?

Ylva og villgeitene er ei forteljing om  å vere modig og sterk når det trengst, men også om å bry seg om alt levande som finst i naturen ikring oss. 

Biletboka er skriven av Hilde Myklebust og illustrasjonane er ved Akin Düzakin. Til framsyninga har forfattar Hilde Myklebust laga to nye songtekstar som vert tonesett av musikar og komponist Annlaug Børsheim. 

Leander Djønne

Leander Djønne er forfattar og biletkunstnar, samt fruktbonde og lærar i Grimo i Hardanger. Han fekk Lytternes romanpris for romanen Oskespiralen i 2022. På Epos vil Djønne setje  seg ned for å snakke om livet som forfattar og kunstnar, og livet på steinen si nåde i fjellsida ved fjorden. Og kva er det eigentleg som er så fascinerande med Lars Hertervig, som har gjort han til Djønne sitt førebilete og endåtil til samfjordingen Jon Fosse sine bøker Melancholia I og II? 

Og så les han sjølvsagt frå Oskespiralen, som ifølge NRK gjer oss lesarar om til ein blodtørstig heiagjeng, og omtalar Djønne som ein eigenarta stein som lyser opp den norske bokhausten.

Sjå annonse for meir informsjon.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer