Pressemelding Rosa sløyfe-aksjonen 2023:

Fam Irvoll har designa årets Rosa sløyfe

Den verdskjende designaren har vandra gatelangs for å finne inspirasjon til årets designsløyfe, og resultatet har vorte veldig «Fam».

Foto: Andreas Lekang/Zacapa Film

– Eg syntest det er ei ære å få lov til å designe sløyfa i år. Det har vore så mange flotte og flinke designarar som har gjort det før meg, så dette er stor stas, fortel Fam Irvoll (42).

Irvoll er kjent for det fantasifulle og fargerike designet sitt, og med internasjonale superstjerner som Lady Gaga, Beyoncé og Katy Perry blant fanane sine er Fam blant Noregs mest populære designarar.

Blomar og natur

Ho har henta inspirasjon til årets sløyfe ved å vandre i Oslo sine gater og parkar med musikk på øyret, noko som pleier opne den kreative slusa i hjernen.

– Eg ønskte å lage sløyfa så «Fam» eg kunne, men med eit design som kan bli brukt av mange. Blomar og natur har alltid gått igjen i designet mitt på ein eller annan måte, og dette ønskte eg å føre vidare inn i årets sløyfe.

Foto: Andreas Lekang/Zacapa Film

Kvar oktober kan nordmenn vise solidariteten sin med brystkreftramma og støtte brystkreftforsking ved å bere ei Rosa sløyfe. I år er det 25 år sidan aksjonen såg dagens lys.

Designarar som byTimo, Kari Traa, Camilla Pihl og Dorthe, Maria og Marthe Skappel er nokre av dei som har laga sløyfa tidlegare.

Kvinnehelse

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma hos kvinner i Noreg, og i 2022 fekk over 4000 beskjed om at dei er ramma.

For Irvoll betyr det mykje å kunne bidra til Rosa sløyfe-aksjonen, som mellom anna samlar inn pengar til livsviktig brystkreftforsking.

– Eg er ein forkjempar for at det skal forskast mykje meir på kvinnehelse, spesielt brystkreft ettersom det er så mange som får denne kreftforma. Vi treng mykje forsking så vi kan finne fleire alternative medisinar til dei kvinnene som er ramma.

Kva tenkjer du om at det er så mange kvinner som blir ramma?

– Eg syntest det er skummelt. Eg er kjemperedd for kreft eg og eg er veldig glad for at denne aksjonen eksisterer og samlar inn såpass mykje pengar til forsking, avsluttar 42-åringen.

Om Rosa sløyfe-aksjonen

Rosa sløyfe er ei internasjonal folkerørsle som blir markert over heile verda i oktober kvart år.

Målet med aksjonen er å vise solidaritet med dei som blir ramma, auke kunnskapen om brystkreft og gi støtte til brystkreftforsking og andre brystkreftprosjekt.

I oktober blir farga Noreg rosa ved hjelp av bedrifter, foreiningar og privatpersonar som alle bidreg til å få bukt med brystkreft.

Brystkreftforeininga og Kreftforeningen arrangerer Rosa sløyfe-aksjonen i Noreg, og har gjort det sidan 1999.

Kilde: Kreftforeningen/Brystkreftforeningen

I Vanylven kan du delta i Rosasløyfe-løpet i Syvde 30.september. Ved påmelding til løpet får du Sløyfa, støttar ei god sak, og er med i trekking av premiar gitt frå lokalt næringsliv.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer