På omslaget sit Vadstein på ein spiss av ein stein og dinglar med beina medan han ser ut over vakre tindar og ein djup dal. Dette kan kanskje skremme dei fleste frå å gå i forfattaren sine fotspor. Blar ein i boka og ser nærare på rutene, ser ein at det meste er av meir moderat vanskegrad og risikonivå.
Boka har ei praktisk inndeling med gode oversiktskart, ei romsleg innleiing til korleis du skal bruke henne, og ho er delt i kapittel etter dei tre kommunane ho går gjennom: Volda, Ørsta og Stranda. Bakarst finst også ei god oversikt over alle dei 116 fotturane i boka. Det er gjort greitt greie for avstandar og vanskegradar på turane, og med inndelinga «lett, middels tun, tung og klyving» får ein eit realistisk bilete av korleis turane vil fortone seg om ein skal ut i greitt turvêr.
Vi bur i eit fjellandskap som kan vere for luftig til at mange ynskjer å ferdast på dei brattaste stiane, og med vanskegraden «klyving» markerer Vadstein dei turane som nok vil vere for bratte til å vere trivelege og farbare vegar for mange. For nokre vil boka difor innehalde ein del turmål som ikkje passar dei, men ein god guide for turglade er ho likevel.
For dei som tek ferien heime i Vanylven er dei fleste av turane Vadstein fortel om tilgjengelege som dagsutflukter, og dei næraste turane i området på vestsida av Dalsfjorden er særleg tilgjengelege. Om du kjenner på lyst til ei dagsutflukt eller ein sommar i heimområdet med ein del fjellturar, er boka slik ein god guide til nye opplevingar i nabokommunane i aust.
«Sunnmørsalpane er ei skattekiste», les vi på boka si bakside, og skattekista vert enno større med den nye turboka til Vadstein. Ikkje berre har han gått inn for å vitje og fortelje om dei turrutene dei færraste veit om, eller «dei skjulte perlene» som han kallar dei. Han fortel også segner om naturformasjonar, historier om stadane og ting som ein elles berre får vite om ein har med seg fjellfolk som også er glade i lokal kulturhistorie. Boka er slik også ei skattekiste i seg sjølv – også for den som berre vil bla og lese.
Lars Myklebust