Nils Olav Moen under kommunestyremøtet i mars. ARKIVFOTO: Lars Myklebust
Nils Olav Moen under kommunestyremøtet i mars. ARKIVFOTO: Lars Myklebust

Nokre møtedagar vert litt vel lange:

Kommunestyret handsama utsetjing av utsetjingsforslag på ubestemt tid

Det var langt utpå ein dag med mykje tung materie, det kom forslag om å utsetje behandling av forslaget om utsetjing av omregulering av Fiskåhholmen på ubestemt tid.

Forslaget om utsejting førte til slutt til ein god latter, då ein samrøystes vedtok å ikkje utsetje utsetjingsforslaget, men handsame det med det same, og samrøystes vedtok å utsetje omreguleringa.

Ikkje ubegrunna

Det var likevel ikkje utan grunn at utsetjingsforslaget for utsetjingsforslaget kom. Det opprinnelege utsejingsforslaget omhandla nemleg reguleringsplanar som legg føringar for det framtidige tilbodet for småbåthamn for fritidsbåtar på Fiskå.

Om sakspapira reiste Bjarne Sætrenes spørsmål om innhaldet i dei, då han sjølv hadde problem med å forklare kvar den nevnte småbåthamna var plassert.

For å oppklare stilte kommunedirektør Andreas Nørve med kartvisning av reguleringsområdet, noko som førte til at fleire tok til orde for at ein sårt treng betre tilgang på båtplassar på Fiskå.

Nils Olav Moen (Helsepartiet) peika på at det innteikna området i reguleringsplanen var særs dårleg egna som småbåthamn, og at ein difor måtte kome med eit anna for å møte behovet for båtplassar. Han fekk støtte frå mellom anna Ottar Jan Løvoll (AP) og Knut Aksel Thunem (AP), som tok til talarstolen, og Thunem peika på at ei småbåthamn er noko som ikkje skal koste kommunen mykje i seg sjølv, men noko som båteigarane sjølve skal betale for.

Oppklaring

Kommunedirektør Andreas Nørve forklara at ein må tilbake til tida før Stad Skipstunnel om ein ser på når denne hamna var regulert inn, og at ny regulering var føreslått utsett fordi kommunen har blitt tilråda av Nordconsult å ikkje ha parallelle reguleringssaker i same område. Vidare kom kommunedirektøren inn på at det finst ei godkjenning av småbåthamn i reguleringsplanen som er handsama i høve til massemottak i samband med bygging av Stad Skipstunnel, og han var klar på at det er ein risiko å føreslå ny regulering av småbåthavn i området, då tilsvarande hamnesøknadar behandla av statsforvaltaren på noverande tidspunkt ikkje går igjennom. Han opna likevel for kommunestyret sin handlefridom.

– Men de kan ikkje kome til meg etterpå. Tek de risikoen på å omregulere heile området og få inn ei båthamn, tek de det, sa han.

Utsetjingsforslag på utsetjingsforslag

Utsetjingsforslaget kom følgeleg på bakgrunn av at ein ikkje hadde klar informasjon om kor mange båtplassar som var råd å få til i området, og korleis ein skulle kome med tiltak for å støtte den verna kaia ved eit område inn mot hamna der ein truleg må mudre.

Etter at Ottar Jan Løvoll peika på den nevnte mangelen på informasjon, fekk han støtte frå Nils Olav Moen i at ein kanskje ikkje kunne vurdere korleis småbåthamna møtte dagens behov for båtplassar.

I mangelen av handfast informasjon kom utsetjingsforslaget til utsetjingsforslaget.

Då det var klart for kommunestyret mot slutten av sakshandsaminga, at utsetjingsforslaget gjaldt ei utsetjingssak, vart det opphavlege forslaget til vedtak gjort, og ein utsette altså saka.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer