VINNAR AV NÆRINGSTEFT: Teamet i Vest Aero Tech AS består av Jacob Furnes Haram og sambuaren Dorrit Larsen som er instruktør innan maritim tryggleik og beredskap, og Kristian Brage Sætre, industriell ingeniør. FOTO: Sparebanken Møre
VINNAR AV NÆRINGSTEFT: Teamet i Vest Aero Tech AS består av Jacob Furnes Haram og sambuaren Dorrit Larsen som er instruktør innan maritim tryggleik og beredskap, og Kristian Brage Sætre, industriell ingeniør. FOTO: Sparebanken Møre

Sparebanken Møre:

Gode utsikter for Nord-Vestlandet

Under Sparebanken Møre sitt årlege investorseminar, presenterte banken ein optimistisk organisasjon med tru på vekst i regionen, sjølv om fleire av innlegga tok opp usikkerheit i næringslivet knytt til grunnrenteskatt og skatt på arbeidande kapital.

Det var administrerande direktør i Sparebanken Møre, Trand Lars Nydal, som spreidde optimisme og tru på næringslivet og arbeidsmarknaden på nordvestlandet. Han presenterte også ein bank i vekst med stor kundetilfredse, mykje grunna at dei framleis legg vekt på den personlege kontakten med kundane.

For næringslivskundane lengst sør i kundeområdet til Sparebanken Møre, vart arrangementet streama til Stad Hotell.

Blanda signal

Av innleggshaldarane på investorseminaret, var Roger Hofseth. Han fortalte historia om veksten i firmaet Hofseth AS frå oppstarten i meieriet i Syvde til å verte ein global råvareformidlar, og han hadde ein klar bodskap for at veksten i regionen skal halde fram.

Skatteflyktning

For litt sidan gjorde Hofseth det kjent at han flyttar til Sande kommune. Kommunestyret i Sande vedtok i november i fjor å setje ned formueskatten frå til fem promille for 2023, og ned til to promille frå 2024.

– Eg er tvinga til å flytte til Sande, fastslo Hofseth.

Formueskatten er likevel ikkje det store problemet i det norske skattesystemet i følge næringslivsmannen, som særleg la vekt på at skatten på arbeidande kapital hemmar vekst i marknaden. Kombinasjonen med grunnrenteskatten verkar slik særleg hemmande for havbruksnæringa i regionen.

Roger Hofseth på storskjerm på Stad Hotell, under næringslivseminaret til Sparebanken Møre.

Aksjonist

For å møte den nye skattesituasjonen vil Hofseth saman med andre initiativtakarar bygge ein organisasjon som skal gå skattepolitikken til livs.

– Vi skal bygge ein organisasjon, og samlar no inn pengar. Vi har allereie fem millionar, men har mål om 10-20.

Aksjonen skal kjempe for privat norsk eigarskap i bedritene, og for å legge til rette for dette dette må det i følge Hofseth tydelege endringar til.

Vekst for investorane

Under arrangementet presenterte leiar for kapitalforvaltning i Sparebanken Møre bedrifter der banken ser for seg særleg gode moglegheiter for investorane.

– Vi går ei framtid i møte med litt meir medvind, etter tre år med motvind i marknaden, sa han, og viste til at det no kan vere ei tid der ein kan gjere gode investeringar med snarleg avkasting.

Næringsteft

Sist på programmet for kvelden stod kåring av vinnaren av Næringsteft, banken sitt grundarutviklingsprogram. Alle har hatt mykje oppfølging frå banken sine støttespelarar i utvikling av forretningideane sine, og finalistane har motteke pengepremiar. Den største premien, på éin million kroner, gjekk til Vest Aero Tech, som jobbar for ein ny måte å sløkkje skogbrannar på. Bak ideen står helikopterpiloten Jacob Furnes Haram.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer