lena -jul

Julehelsing frå ordførar Lena Landsverk Sande

Vi er no godt inne i adventstida, målestokken er tydeleg i vintermodus, og forventningane stig dag for dag. Både born og vaksne gler seg over dagleg opning av ei ny kalenderluke, og er spente på kva smak den nye lakriskula har, kva hygieneprodukt som er dagens gåve, eller om det er nisse eller stjerne som blir skrapa fram i flax-kalendaren. Dei heldige har ei mamma eller ein pappa, som eigenhendig ordnar ein ny pakke for kvar einaste dag frå 1. til 24. desember. Ein herleg tradisjon, der vi kvar einaste dag kjenner på kjensla av å vere ein dag nærare den finaste kvelden i året.

 

Nokre ser fram til jula som ei stor kristen høgtid, med markering av Jesu fødsel. Andre legg ikkje noko religiøst i feiringa, men held fram jula som den viktigaste tradisjonsfesten for året, der vi saman bygger opp spenninga fram mot julaftan. Uansett grunn: i jula skal vi samlast i heimen og gle oss over god mat, gode historier, pakkeopning, og mykje latter og glede. Uansett om vi feirar solsnu, livssyn eller tradisjonsrik historie, så er festen markert over lengre tid, i alle butikkvindu, i alle aviser og vekeblad og i alle mediekanalar. Forventningane bygger seg opp, både til oss sjølve, og til dei rundt oss. Vi har Instagram og Facebook-glansbilder som flimrar over skjermen, og vi lyttar til nostalgiske julelåtar på radioen, og dess meir vi nærmar oss dess sterkare vert kjenslene.

På godt og vondt

Stovene våre er sjeldan som i dei glansa magasina. Nokre har store familiar å samlast i, men det er også mange som ikkje veit kven ein skal feire jula saman med, eller veit at ein skal vere åleine. Mange har mist ein av sine kjære det siste året, og det er leitt  å tenkje på ei feiring med ein tom stol ved bordet. Kva er vitsen med å stelle i stand, om dei ein ynskjer å glede ikkje kjem til å vere til stades? Har ein eigentleg råd til å kjøpe julegåver til alle ein gjerne ynskjer å vere raus med? Må ein spare på maten, fordi det er viktigare å sikre at ein har varme i hus?

Vi har alle vårt. Men samtidig kan vi alle gjere noko for at dei rundt oss skal få det litt betre i jula. Og det treng ikkje å koste. Eg trur dei fleste av oss kjenner på større glede av handlingar som viser at vi bryr oss om kvarandre. Iallfall om vi prøvar å fokusere på alt vi kan vere takksame for, i staden for å tenkje på det vi vil ha meir av. Mødre som lagar pakkekalendarar brukar enormt med tid til å organisere og pakke inn, så eg vonar borna kjenner kjærleiken som ligg i kvar einaste kalenderluke, meir enn gleda over ein ny sjokolade. Sjølv blir eg umåteleg glad av at nokon ordnar med ved tilgjengeleg for oppfyring, av at oppvaskmaskina blir tømt utan at eg ber om det, eller at julekaker plutseleg står ferdige på benken. Berre det å ha nokon å sjå julefilm saman med i sofaen kan gjere godt, sjølv om ein er stille saman. 

Om du syng i kor eller spelar i korps, så skaper du julestemning for mange ved julegrantenning, i kyrkjekonsertar eller andre arrangement i adventstida. Julepynta hus strålar over heile kommunen. Eg gler meg når eg ser juletreskogen på Åheim, lyspynta stolpar gjennom Syvde og avisannonser der ein inviterer til sosialt samvær.  Vi treng mest av alt å ha andre menneske rundt oss, nokon som ser oss, som verdset oss, og som blir gladare nettopp fordi vi er der. Kjenner du nokon som treng å høyre frå deg, kanskje nokon som har blitt åleine siste året? Kanskje har du hugsa å invitere med på julekonsert, eller vore innom for å høyre om ein treng ved, eller hjelp til å måke oppkjørselen? Eg veit vi har mange slike hjelparar rundt oss, som aldri sjølve ber om hjelp eller takk. Vit då at små handlingar har stor verdi, også når ein ikkje får blomster eller rosande ord i tale eller i sosiale medier. Omsorg er den største gåva å gje, og den beste å få, så manglar du enno litt julestemning, så berre tenk på alt du har å gje av deg sjølv. Ei glede å gje er ei glede å få.

God jul!

Lena Landsverk Sande

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer