korona rådhus

73 smittetilfelle sidan 20. januar:

Sju nye smittetilfelle onsdag

Onsdag kveld melde kommuneoverlege Cecilie Oppedal om sju nye smittetilfelle.

Samtidig kunne Oppedal opplyse om at det har vore registrert 73 smittetilfelle sidan 20. januar.

– Det viktigaste tiltaket for å forhindre meir alvorlege sjukdom, er vaksinasjon. Det vert derfor ny runde med vaksine på kommunestyresalen torsdag mellom 15.-16.30, opplyser Oppedal.

Desse kan få vaksine:

  • Dose 1 – for dei som enno ikkje er vaksinert, heilt ned til fylte 12 år
  • Dose 2 – 3 veker sidan dose 1
  • Dose 3 – 20 veker sidan dose 2 – alle over 18 år (dei vaksinert til og med 23.september)
  • Dose 4 – 3 månader sidan dose 3 (gjeld bestemte grupper med alvorleg sjukdom)
– Vi vaksinerer både med koronavaksine og influensavaksine denne dagen. Det må gå ei veke mellom dei ulike dosane, seier Oppedal.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer