Åheim skule
Åheim skule FOTO: Arkiv

Smitteutbrotet ved Åheim skule – dette er status

Torsdag førre veke vart det avdekt eit smitteutbrot ved Åheim skule, og det er per no meldt om ti smittetilfelle knytt til skulen.

Kommuneoverlege Cecilie Oppedal opplyser at det per tysdag kveld var 17 personar i isolasjon grunna smitte. Karantenekravet for husstandmedlemmar fall derimot vekk frå midnatt natt til onsdag, mot at ein testar seg dagleg.

– Det er rektor som deler ut testar. Han fekk med seg 320 ein annan dag, men kjem tilbake onsdag for fleire. Elevane vert testa tre gonger per veke nå, og dei tilsette minst tre gonger per veke. Det er per no ni elevar som har testa positivt på barneskulen. Èin tilsett har testa positivt hittil. Vi har omlag 4800 hurtigtestar tilgjengeleg. Ein kan hente testar på servicetorget på rådhuset i opningstid. Ein må være obs på at hurtigtestane i mange tilfelle ikkje slår ut like raskt på omikron, så ein må være heime ved symptom på sykdom, og teste seg flere gonger, eventuelt med PCR. Testkapasiteten i kommunen er god. Alle positive testar må meldast inn til kommunen, enten ved at ein registrerer sjølvtest, eller at ein tar telefonisk kontakt, skriv Oppedal til Synste Møre tysdag kveld.

Gult nivå

Frå måndag denne veka var det planlagt grønt nivå på alle skular og barnehagar i Vanylven. På grunn av smitteutbrotet vil Åheim skule og barnehage halde fram på gult nivå.

Deler ut hurtigtestar

På grunn av utbrotet har Vanylven kommune starta å dele ut gratis hurtigtestar. Desse kan hentast på rådhuset mellom kl. 09.00 og 15.30 måndag til fredag. Dersom ein ikkje har luftvegssymptom, kan ein hente dei sjølv.

– Av smittevernomsyn ber vi om at innbyggjarar med luftvegssymptom får symptomfrie pårørande til å hente test for seg. Hugs å bruke munnbind når du hentar testar, opplyser kommunen.

Om ein ikkje har personar som kan hente for seg, kan ein ringe koronatelefonen 700 30 109 for å avtale utlevering.

Følgande kan få gratis hurtigtest:

• ved symptom som hovudverk, halsvondt, hoste, feber eller generell sjukdomskjensle.

• bur saman med ein som er smitta

• har fått melding om at du er nærkontakt

Ein får derimot ikkje gratis hurtigtest om ein treng det for å teste seg før eit arrangement, før ein skal ut på reise, eller fordi ein kjenner uro for å vere smitta utan at ein er definert som nærkontakt eller har symptom.

Kommunen opplyser at ein må informere kommunen ved eit positivt prøvesvar. Det kan ein registrere på nett, eller ved å ta kontakt på telefon.

I tillegg må ein:

• Isolere seg med ein gong.

• Varsle husstanden sin som skal gå i karantene med ein gong og teste seg etter reglar

• Sjølv varsle øvrige nærkontaktar.

Vanleg undervisning

Rektor ved Åheim skule, Lars Jonasmo, fortel at dei har fysisk undervisning.

– Det går med mykje jobb for å få kabalen til å gå opp, med tilsette i karantene og mykje fråvær, seier Jonasmo.

Elles er det også ein del kontakt med kommuneoverlegen, drift og ikkje minst utdeling av hurtigtestar.

– Vi må organisere slik at skuledagen går opp. Det er framleis gult nivå her, og vi må leggje til rette for å skilje kohortar, seier Jonasmo.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer