koronaball

Tre smittetilfelle stadfesta onsdag kveld

Kommuneoverlege Cecilie Oppedal melder onsdag kveld om tre smittetilfelle i Vanylven.

– Smittekjelda er kjend, og alle er sett i isolasjon. Det er ingen mistanke om ytterlegare spreiing knytt til desse tilfella, skriv Oppedal.

Med bakgrunn i smittesituasjonen rundt Vanylven, mellom anna med eit pågåande større utbrot i Herøy kommune, ber kommuneoverlegen om at alle er obs og har låg terskel for testing.

– Med bakgrunn i testsikkerheita til ein hurtigtest er det viktig at ein passar på å gjenta ein slik test dersom ein har mistanke om smitte, då vi ser at det er ein del slike testar som vert falske negative, skriv Oppedal.

Frå og med i dag er det også ei generell nasjonal tilråding om bruk av munnbind ved kontakt med helse- og omsorgstenesta, på kjøpesenter og ved bruk av kollektiv transport.

– Det er høg infeksjonsbyrde i befolkninga generelt, og dette kan vere eit godt smitteførebyggande tiltak også for andre luftvegsinfeksjonar, skriv ho.

Kommentarer

Her er du velkomen til å debattere saka videre. Men tenk gjennom korleis du vil fram stå og kva uttrykk du brukar. Ein liten huskeregel: Ikkje skriv noko som du ikkje kunne ha ropt ut på torget med mange tilhøyrarar. Du må bruke fullt namn - falske profilar vert utestengt. Hald deg til saka, vis respekt og stor rausheit overfor andre. Trakassering, truslar og hatske meldingar slettast. Hald deg innanfor lova.
Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer