tv aksjon komite 2021

TV-aksjonen:

Ring om du vil ha bøssebesøk

I samband med årets TV-aksjon: – Barn ikkje brud, vil aksjonskomitéen no freiste å få til ei ordning der ein kjem på huset til dei som vil gje pengar, medan dei som gir digitalt ikkje treng dette besøket. Dei ber difor dei som vil ha besøk av bøsseberar ta kontakt.

I fjor var som kjent TV-aksjonen digital, noko som fungerer greitt for fleirtalet som er Vipps-brukarar eller på andre måtar betalte digitalt. Men det er også ei stor gruppe som ikkje brukar slike ordningar, og som ønskjer å gje pengar på tradisjonelt vis.

– Vi fekk ein god del meldingar i fjor på at der var folk som ønskte å gje pengar, og vi vil ordne det sånn at alle som ønskjer det, skal ha mulegheita, seier aksjonsleiar Lena Landsverk Sande.

Med dette tar ein også ned behovet for bøsseberarar, som alltid er ein jobb å få nok av, og unngår å bruke unødig tid med å gå med bøsse til dei som likevel gir digitalt.

– Men det er då viktig at alle som vil gje pengar melder frå. Det skal ikkje stå på at vi ikkje vil kome rundt til dei som ønskjer besøk. Alle som vil skal ha høve til å gje, seier ordføraren.

Det er difor viktig at dei som vil ha besøk og ønskjer å gje pengar ikkje nøler med å bruke telefonen og seie i frå at dei vil ha bøsseberaren på døra førstkomande søndag. Ordføraren fortel at det er sett opp åtte hovudansvarlege rundt i bygdene som ein kan ringje til, og her følgjer liste over desse:

Øystein Blom 91 16 48 14
Sonja Lade 95 70 33 47
Joar Lillerovde  46 66 02 90
Ottar-Jan Løvoll 95 75 62 57
Katrin Brekke Sunde 41 60 69 60
Ida Marholm 41 47 62 12
Idar Brekke 45 66 45 60
Solveig Menes 95 74 22 29
Lena Landsverk Sande 45 22 71 68

Utanom desse kan ein også kontakte folk ein kjenner på rodelistene direkte.

– Det må i alle fall ikkje vere slik at einkvan ønskte å gje pengar og går etterpå og seier at dei ikkje fekk besøk, for her ønskjer vi å kome til alle, seier Landsverk Sande.

Ho fortel også at ein framleis manglar nokre frivillige til å gå med bøssene på nokre roder, slik at om fleire melder seg innan fredag, då bøssene skal utleverast, er aksjonskomiteen glade for det. Rodelister kjem i papirutgåva torsdag.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer