vatn
FOTO: Vanylven kommune

Vasslekkasje på Eidså:

Har reparert vasslekkasjen

Måndag kveld melde innbyggjarar på Eidså at det var vasslaust. Kring klokka 16.00 tysdag var feilen reparert.

Kommunen starta måndag kveld med arbeid ved høgdebassenget. Kring klokka 22.40 måndag kveld melde kommunen følgjande:

«Kommunen har oppdaga vasslekkasje på Eide. Abonnentar mellom Eidså- Løset og Eidså-Koparnes vert diverre utan vatn. Usikker kor tid desse abonnentane får vatnet attende i natt».

I ei oppdatering tysdag like før klokka 12, melde kommunen følgjande:

«Ein forsyner no førebels strekninga Eidså – Koparnes med vatn. Hustandar ved bedehuset på Eidså er framleis utan vatn. Teknisk arbeider med å finne vasslekkasjen i dette området».

I ei ny oppdatering kl. 12.38 melder kommunen at dei har funne lekkasjen.

«Teknisk sektor har funne lekkesjepunktet og vil utbetre dette i løpet av dagen/kvelden. Dersom det oppstår fleire problem, vil informasjon kome fortløpande på heimesida til Vanylven kommune og på Facebook. Dersom folk endå ikkje har vatn, skuldast dette at det vil ta litt tid før vassrøyret er fylt opp. Det vert arbeidd med saka».

I ei ny oppdatering kring 15.30 tysdag melde kommunen at feilen var reparert.

– Vi gjennomfører ei utspyling og vatnet vert difor avstengt frå Nærbutikken til Koparneset medan dette går føre seg. Dette vil ta om lag 20 minutt, skriv kommunen.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer