Torsdag kveld melde Ørsta kommune om åtte nye tilfelle, noko som betyr at det totalt er nitten tilfelle sidan søndag i dei to kommunane.
– Éi ny klasse ved Volda VGS, éi klasse ved Ørsta VGS og eit handballag i Ørsta er råka. Førebels ser alle smittetilfella ut til å henge saman i dette utbrotet, heiter det i ei pressemelding.
Den siste veka har klasser ved Volda VGS, Ørsta VGS, Ørsta ungdomsskule og fleire fotballag vore råka av utbrotet.
Avisa Møre-Nytt skriv at smittesporinga i dei to kommunane er pressa.
– Sjølv om det til no er færre smitta enn det var i sommar, er smittesporinga meir krevjande. Det er fordi det er snakk om langt fleire nærkontaktar så lenge det handlar om skuleklasser og fotballag, seier kommuneoverlege i Ørsta, Marte Vaage Øie, til Møre-Nytt.