Åheim skule nord

Kommunedirektøren med forslag til framtidig skulestruktur – foreslår felles ungdomsskule frå hausten 2022

Kommunedirektøren i Vanylven foreslår eit prøveprosjekt med éin felles ungdomsskule for alle elevar i kommunen i skuleåra 2022/2023, 2023/2024 og 2024/2025, i eksisterande skulelokale og med skuleår både i Syvde og på Åheim.

Det kjem fram i sakspapira til formannskapet neste veke.

I den trinnvise planen vert det så føreslege at ein etablerer éin skule for alderstrinna 5. – 10. trinn frå skuleåret 2025/2026 i eitt nytt skulebygg, med moglegheiter for utviding til éin felles skule for alle elevane i kommunen.

Her skriv kommunedirektør Andreas Nørve at ein skal ha årlege evalueringar samt drøftingar i kommunestyret, og i tilrådinga ligg det at kommunedirektøren vert bedt om å starte planlegginga av skulen for alderstrinna 5.- 10. trinn seinast januar 2022.

I eit tredje punkt vert det føreslege éin felles skule for alle elevane i kommunen frå hausten 2035/2036 – med vidare utbygging av bygningsmassen til den etablerte skulen for 5.-10.trinn.

Det vert lagt til at Vanylven kommune også må vurdere om det er føremålstenleg å etablere oppvekstsenter der barnhagebarn vert samla saman med klassetrinna 1. til 4. klasse – spesielt dersom etablering av éin felles skule for alle elevane vert utsett i tid.

I saksframstillinga til formannskapet foreslår kommunedirektøren at kommunestyret set ned eit politisk utval med kommunedirektøren som sekretær.

Dette utvalet skal sikre årleg evaluering av prøveprosjektet med felles ungdomsskule, samt sikre utgreiing, planlegging og framdrift av bygging av storskulen i 2025, og tilsvarande arbeid for utbygging av felles skule for alle elevane i 2035.

Formannskapet skal handsame saka førstkomande tysdag, før saka kjem opp i kommunestyret 6. september.

Dette er forslaget

  • Éin felles ungdomsskule for alle elevane i skuleåra 2022/2023, 2023/2024 og 2024/2025 i kommunen sine eksisterande skulelokale – dette som eit prøveprosjekt med skuleår både i Syvde og på Åheim.
  • Éin skule for alderstrinna 5. – 10. trinn frå skuleåret 2025/2026 i eitt nytt skulebygg, med moglegheiter for utviding til éin felles skule for alle elevane i Vanylven kommune.
  • Éin felles skule for alle elevane i kommunen frå hausten 2035/2036 – med vidare utbygging av bygningsmassen til den etablerte skulen for 5. – 10 trinn.

    Kjelde: Vanylven kommune

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer