koronaball

Melding om positiv test i kveld. Ber desse teste seg

Etter smittetilfellet måndag, var det 35 stykke som testa seg. Desse kom tilbake negative, men no har kommunen fått eit nytt tilfelle som er tilknytt utbrotet i Volda/Ørsta.

– Vi har i kveld fått eit positivt tilfelle som har tilknytning til utbrotet i Volda/Ørsta. Vedkomande er sett i isolasjon, og alle kjende nærkontakter er kontakta. Nokre av tenestene til Vanylven kommune vert direkte berørt, og aktuelle har fått/vil få informasjon per telefon i løpet av kvelden, skriv kommuneoverlege Cecilie Oppedal torsdag kveld.

Vidare oppmodar ho alle som har vore på treningsenter på Fiskå måndag og tysdag kveld, og dei som har på Spar Fiskå tysdag i tidsrommet 18.30 – 19.30, om å bestille test i morgon tidleg.

Oppedal oppmodar alle om å vere forsiktige framover, og at ein har låg terskel for testing, også ved milde symptom.

Utbrot i Ørsta og Volda

Tysdag kom dei første meldingane om smittetilfelle i Volda og Ørsta, og stadig kjem det nye meldingar om tilfelle.

– Sidan har smittetala auka kraftig. På tre dagar er totalt over 80 personar bekrefta smitta i dei to kommunane, ifølge oppdaterte smittetal torsdag kveld, står det på Sunnmørsposten i kveld.

Kommentarer

Her er du velkomen til å debattere saka videre. Men tenk gjennom korleis du vil fram stå og kva uttrykk du brukar. Ein liten huskeregel: Ikkje skriv noko som du ikkje kunne ha ropt ut på torget med mange tilhøyrarar. Du må bruke fullt namn - falske profilar vert utestengt. Hald deg til saka, vis respekt og stor rausheit overfor andre. Trakassering, truslar og hatske meldingar slettast. Hald deg innanfor lova.

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer