Vasslekkasje på Fredsvoll

Litt etter midnatt natt til torsdag vart ein vasslekkasje oppdaga på Fredsvoll på Fiskå. Feilen skal vere fiksa, men enkelte kan likevel oppleve brunt vatn i springen.

– Vi har i dag 17. juni kl. 00.40 oppdaga vasslekkasje på hovudvassleidninga ved Fredsvoll som forsyner store delar av Vanylven. Vi er godt i gang med reparasjonen, og vil vere ferdig ca. kl. 08.00. Vi beklagar ulempene dette medfører, melde teknisk sektor tidlegare torsdag.

Dette skal no vere ordna, men nokre kan likevel få brunt vatn i springen både på Fredsvoll og oppover bygda. Dette vert arbeidd med å fikse.

Kommentarer

Her er du velkomen til å debattere saka videre. Men tenk gjennom korleis du vil fram stå og kva uttrykk du brukar. Ein liten huskeregel: Ikkje skriv noko som du ikkje kunne ha ropt ut på torget med mange tilhøyrarar. Du må bruke fullt namn - falske profilar vert utestengt. Hald deg til saka, vis respekt og stor rausheit overfor andre. Trakassering, truslar og hatske meldingar slettast. Hald deg innanfor lova.
Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer