Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto.

Tysdag kveld:

Motorsykkel tok fyr på Rovde

Kring klokka 22.30 tysdag kveld rykte Vanylven brann og redning ut både frå Fiskå og Syvde til ein motorsykkel som hadde teke fyr på Rovde.

Møre og Romsdal 110-sentral opplyser til Synste Møre at det skal ha skjedd i 60-sona på Rovde.

Klokka 22.44 melder 110-sentralen på Twitter at brannvesenet er framme på staden og har starta sløkking.

– Ingen skal vere skadd, men sykkelen er ikkje til å redde, melder 110-sentralen.

Litt etter klokka 23.00 tysdag kveld melde 110-sentralen at sykkelen er heilt nedbrent.

Kommentarer

Her er du velkomen til å debattere saka videre. Men tenk gjennom korleis du vil fram stå og kva uttrykk du brukar. Ein liten huskeregel: Ikkje skriv noko som du ikkje kunne ha ropt ut på torget med mange tilhøyrarar. Du må bruke fullt namn - falske profilar vert utestengt. Hald deg til saka, vis respekt og stor rausheit overfor andre. Trakassering, truslar og hatske meldingar slettast. Hald deg innanfor lova.

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer