koronaball

Barneskuleelev smitta i Stad

Torsdag kveld melde Stad kommune om eit nytt smittetilfelle i kommunen.

Personen er husstandsmedlem til ein tidlegare smitta og har vore i karantene sidan tysdag kveld.

– Den smitta er elev i klasse 7B ved Nordfjordeid skule og kan ha vore smittsam i klassemiljøet måndag og tysdag. Elevar og lærarar i klasse 7B er sett i karantene og vert testa fredag morgon. Husstandsmedlemmar er sett i ventekarantene. Elevar i parallellklassen, 7A, er sett i ventekarantene fram til ein har fått prøvesvar frå testing av elevar og lærarar i 7B og eit klarare bilde av smitterisikoen. Husstandsmedlemmar til elevane i 7A treng ikkje vere i ventekarantene, skriv kommunen i ei pressemelding

Prøvesvar frå PCR-testing onsdag har også stadfesta dei to smittetilfella som allereie var påvist ved hurtigtestar. Det er elles ingen positive prøvesvar frå testing onsdag.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer