– Nøkkelfaktor for eit levande og berekraftig distrikt ber om di merksemd, skriv artikkelforfattaren.
– Nøkkelfaktor for eit levande og berekraftig distrikt ber om di merksemd, skriv artikkelforfattaren. FOTO: Ane Malene Søvik Nygård

Alt heng saman med alt

Dette lesarinnlegget er skrive av bondeorganisasjonane på Søre Sunnmøre og i Nordfjord (sjå fullstendig liste nedst i saka).

Ein floskel eller begynne det å demre for oss at dette faktisk er tilfellet? Føresetnadane for landbruk er på eit bristepunkt, og det handlar no om eit verdival for kva ein skal levere vidare til framtidige generasjonar.

Vi bønder forvaltar ressursar i eit evigheitsperspektiv.

Korleis jorda vert behandla om våren betyr alt for kva som er mogleg å hauste når hausten kjem. Omsorg for dyra frå før dei vert fødde og til den dagen dei reiser frå tunet og etterkomaren står igjen i fjøset. År etter år. Generasjon gjennom generasjon.

Men bønder og jordbruket i dag er hardt pressa på mange områder. Tollvernet er svekka og vi ser ein stadig aukande import. Krava til innovasjon og modernisering, dyrevelferd, driftsbygningar, miljøomsyn og utdanning aukar, berre for å nevne noko.

Politikarar og folkevalde med stadig mindre kjennskap til næringa skal sette rammer og vilkår. Og ikkje minst blir vi hardt pressa av kjedene som har ei enorm makt. De fleste bønder har relativt stor gjeld. Mange bønder har store investeringsbehov også, dette medfører økonomiske avgjersle som er av ein enorm dimensjon for dei det gjeld. Det er bonden sjølv og familien som får alle konsekvensane av ein feilslått økonomi, som igjen fører til eit hardt press om stadig å yte meir og betre.

Du som forbrukar set vel pris på å kunne ha trygg mat på bordet?

Som kjem frå dyr som har av verdas høgaste dyrevelferd, som har beita og forvalta norsk kulturlandskap som igjen gjer at du kan reise rundt i landet og tenke «åh, det er så fint her».

Norske bønder står stolte bak trygg, kortreist og ikkje minst god mat, produsert med ei stadig aukande dyrevelferd, med lite antibiotika og sprøytemiddel og eit stadig synkande klimaavtrykk.

Norsk landbruk må vere bærekraftig fordi ein balansert brukar dei ressursane garden gjev, heile tida med omsyn til å ikkje drive rovdrift på dei verdiane ein forvaltar, i ei lita luke i tida der det akkurat er denne bonden som har vakt.

Men betalinga til oss som produserer maten dykkar kan vi ikkje leve med. Initiativtakarane til bondeopprøret 2021 stiller store spørsmål ved økonomien i landbruket, og kjem med konkrete krav inn til jordbruksoppgjeret.

Årets jordbruksoppgjer nærmar seg, og blir omtala som tidenes viktigaste jordbruksoppgjer. Behovet for endring er avgjerande, for mange bønder er det no «vinn eller forsvinn».

Slik utviklinga har vore i lang, lang tid vert bøndene pressa til stordrift for at det skal vere lønsamt, bruke jorda hardare enn det den toler for å hauste mest mogleg, for å kunne gå i økonomisk balanse.

Eller så kastar bøndene korta. Kvar dag vert det i snitt lagt ned to småbruk og med det forsvinn den bærekraftige forvaltninga av jorda.

NIBIO er eit av Norge sitt største forskningsinstitutt, og bidreg til mattryggleik, berekraftig ressursforvaltning, innovasjon og verdiskaping gjennom forsking og kunnskapsproduksjon. NIBIO-rapporten «Investeringsbehov innen melkeproduksjon. Å tilpasse produksjonen til løsdriftskravet i 2034», viser at lausdriftskravet aleine gir eit investeringsbehov i landbruket på mellom 18 og 22,8 milliarder kroner. Berre for å sette det litt i perspektiv.

Budsjettnemnda for jordbruket (BFJ) har som hovudoppgåve å legge fram materiale som kan danne grunnlag for vurdering av jordbruket si økonomiske stilling, først og fremst til bruk under dei årlege jordbruksoppgjera. Fredag 16.04.21 la BFJ fram grunnlagsmateriale for årets jordbruksforhandlingar. Dette materialet er det få, om nokon, bønder som kjenner seg att i!

Det er fleire område ved utregning av bøndene si løn som er problematiske. Først og fremst; i jordbruket brukar ein ikkje omgrepet lønsinntekt, men vederlag. Dette vederlaget skal dekke arbeid og eigenkapital per årsverk. Det vil sei at dess mer gjeld ein har, dess mindre har ein igjen for arbeidet. Bruk som nylig har investert, kan derfor ha bortimot null i dekning for arbeidet etter at rentene er betalt.

Norge har omlag 9,8 millionar daa dyrka mark. Dei siste 20 åra er tal jordbruksbedrifter over halvert. Færre driv den same jorda, og færre produserer same tal liter melk.

Bøndene vert avhengig av å leige jord og melkekvote, det kostar pengar og blir ikkje rekna som utgift i talgrunnlaget. Eit anslag syner at omlag 1 milliard norske kroner går ut av jordbruksnæringa i jordleige, og omlag 500 millionar i betaling av kvoteleige – totalt 1,5 milliard (!) som ikkje vert rekna som ei utgift i talgrunnlaget når det skal reknast vederlag for aktive bønder. Realiteten er at dei aller fleste som leige ut jord og kvote, ikkje lenger er aktive bønder sjølve.

Aldri før har så få produsert så mykje mat, for så å sitte igjen med så lite inntekt som skal dekke arbeid, investeringar, risiko og innsats og slit gjennom generasjonar. I alle andre sektorar har det vore prisvekst og lønsauke, i landbruket har inntektsgrunnlaget stått stille medan alt kostar meir. Driftsvilkåra for norsk landbruk er ikkje lenger bærekraftig. I realiteten sviktar lønsemda i landbruket år for år.

Utgiftene aukar i hurtig tempo på alle innsatsfaktorar; auka kraftforprisar, auka priser på maskiner, reiskap og innandørs mekanisering og auka byggekostnadar, samtidig som dei aller fleste bønder opplever at inntektene står stille, eller endå verre, synk. Veir og klima er i endring, og vert opplevd som stadig mer uforutsigbart og ekstremt.

Vår mening er at vi bønder og faglaga altfor lenge har godteke å bli avskreve med småpengar. Forhandlingane vert gjennomført med grunnlag i ein fullstendig utdatert hovudavtale. Handlingsrommet for lokallaga sine innspel til jordbruksoppgjeret er ikkje i nærleiken av å kunne uttrykke det behovet for endring som må til for å redde norsk landbruk.

Det må vere liv laga å drive gardsbruk i heile landet. 

Bygdene slik dei har framstått i generasjonar, har vore ein hårfin balanse på forbruk og forvaltning for neste generasjon. Men i den augneblinken du tek vekk ein faktor – vil andre krefter overta. Kratt og vekstar og framandelement gjer at landet grør igjen. Vil vi eksperimentere med korleis bygdene og distrikta vil sjå ut utan aktivt landbruk?

NOU 2020:15 « Det handler om Norge — Utredning om konsekvenser av demografiutfordringer i distriktene» oppsummerer: Ambisjonen for Norge må være at distriktene er levende deler av et større norsk mangfold og at distriktspolitikken bidrar til bærekraftige samfunn i hele landet.

Om landbruket forsvinn frå bygdemiljøa, forsvinn også det landet vi gjerne vil marknadsføre som Norge. Norsk sjølvforsyning og matsikkerheita kjem ikkje seglande inn i containerar frå utlandet og kulturlandskapa blir ikkje forma av seg sjølv. Er vi klare til å miste den opplevelsesverdien dei opne landskapa gir oss? Tør vi å ikkje verdsette norsk mat?

Vi krev difor at

  • det må lønne seg å investere i landbruksnæringa
  • systemet for investeringsstøtte må endrast, systemet i dag lokkar til investeringar på framtidig sviktande økonomisk grunnlag
  • talmaterialet i jordbruksoppgjeret MÅ reflektere den reelle økonomien i næringa
  • dei som skal selge maten skal ikkje sitte igjen med meir enn dei som har produsert maten
  • politikarane må ta landbruk- og distrikspolitikken på alvor før det er for seint å snu.

 

Vi stiller oss heilt og fullt bak Bondeopprør 21. Vi gir med dette all støtte til faglaga og forhandlingsutvalget med Bartnes i spissen, til å gå inn i forhandlingane med krum nakke og forhandle hardt på vegne av alle bønder og alle næringane! Dersom brudd, forventar vi handling og aksjon med slagkraft. Med slagkraft meinar vi ikkje verken spreiing av gjødsel på utvalde politikarar, eller hengarar på vegkanten med plakatar som syner kor trist bønder har det. Vi må vise at vi tørr å utfordre forhandlingsinstituttet, at vi tørr å møte ei konflikt, og at vi er tøffe nok til å stå på krava. Ser vi ikkje radikal endring no, frykter vi ein massiv nedgang i tal på bønder, med tilsvarande mange utmeldingar frå faglaga og ei aukande fart i nedlegginga av distrikts-Norge.

Takk for merksemda.

Ane Malene Søvik Nygård, Vanylven og Sande bondelag

Paul Sindre Vedeld, Rovde bondelag

Hege Eline Slåttelid, Austefjord og Bjørke bondelag

Erlend Koppen, Volda og Dalsfjord bondelag

Pål Ruben Seljeset Tomasgard, Hornindal bondelag

Lars Olav Vanberg, Ørsta bondelag

Torill Nina Midtkandal, Stryn bondelag

Eyvind Reme, Vikane bondelag

Silje Åsnes Skarstein, Olden bondelag

Mathilde Dolen Nesje, Oppstryn bondelag

Per-Erik Ulvedal, Nordsida bondelag

Ingvill Tronrud, Loen bondelag

Bjørn Aardal, Kjølsdalen bondelag

Svein Per Ervik, Selje og Stadlandet bondelag

 

 

Audun Kvalsvik, Vanylven bonde- og småbrukarlag

Rune Magnar Bruvoll, Eid bonde- og småbrukarlag

Ingolf Folven, Stryn bonde- og småbrukarlag

Per Øen, Hornindal bonde- og småbrukarlag

Bjørn Helgesen, Selje/Vågsøy bonde- og småbrukarlag

Gunmar Grimstad, Hareid/Ulstein/Herøy/Sande bonde- og småbrukarlag

John-Inge Leira Bjøringsøy, Volda/Ørsta bonde- og småbrukarlag

Vi oppfordrar alle som et mat, som set pris på å bu i eit vakkert og mangfaldig land, og som ynskjer det beste for seg sjølv og andre, til å støtte initiativet på Facebook, «Bondeopprør 21», samt å skrive under på underskriftskampanjen som det ligg lenke til inne i gruppa.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer