Harry Lena Monica - to
FOTO: Venstre

Satsinga på lærarar gir betre undervisning

Dette er eit lesarinnlegg frå:
Lena Landsverk Sande (V)
Harry Valderhaug (KrF)
Monica Molvær (H)

Tre av fire lærarar som har spesialisert seg seier dei har blitt meir motiverte for å jobbe som lærarspesialist. Fire av fem seier etter utdanninga at dei reflekterer meir over si eiga undervisning, og tre av fem seier at dei underviser betre. Svara kjem i ei ny evaluering frå NIFU om lærarspesialistutdanningane, som er toårige vidareutdanningstilbod til lærarar.

 

Lærarspesialistordninga er ein pilot som starta i 2015 med 205 lærarspesialistar. I dag har vi om lag 1200 lærarspesialistar over heile landet, i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. For å bli lærarspesialist må ein lærar ha minst 60 studiepoeng fordjuping i faget/fagområdet (med få unntak), og minst fem års erfaring som lærar. Det er ikkje eit krav om spesialistutdanning, men slik utdanning vil vere ein fordel.

– Skal vi halde på gode lærarar i klasserommet, er det viktig at dei kan få nye utfordringar og fagleg utvikling. Eg er difor glad for at stadig fleire vil bli lærarspesialist. Det er flott at spesialistutdanninga bidreg til betre undervisning og læring i skulen, seier Lena Landsverk Sande frå Venstre.

Regjeringa starta satsinga på lærarspesialistar i 2015. Ordninga gir dyktige lærarar ein fagleg karriereveg der dei kan utvikle seg fagleg, og jobbe som lokale pådrivarar for å løfte kvaliteten på undervisninga i faget sitt. Målet er å få gode lærarar til å halde fram med å undervise slik at dei kan bidra til meir læring for elevane. I dag jobbar om lag 1200 lærarspesialistar i skulen. Regjeringa vil bruke til saman 229 millionar kroner i 2021 til ordninga og auke til 3000 lærarspesialistar innan utgangen av 2022.

Betre til å undervise, meir motiverte

Over 1000 lærarar deltok i NIFU-evalueringa hausten 2020. Dei fleste var nøgde med lærarspesialistutdanninga, som dei seier gir eit godt utgangspunkt for refleksjon over eigen praksis. Tre av fire meiner utdanninga har gjort dei meir motiverte for jobben som lærarspesialist, og tre av fem meiner dei har blitt betre til å undervise elevane etter utdanninga.

– Rapporten viser at lærarspesialistutdanningane er populære, og at dei gir eit godt grunnlag for dei som vil jobbe som lærarspesialist. Rolla er framleis ny i skulen, derfor er det ekstra viktig at lærarane får tryggleik og kompetanse gjennom utdanninga, seier Høgre sin stortingskandidat frå Ålesund, Monica Molvær.

Opplever uklar rolle

Evalueringa viser også at lærarspesialistutdanninga og -ordninga kan bli betre på fleire område. Blant anna saknar ein av ti undervisning om konkrete verktøy for å initiere endringsprosessar i faget eller skulen. To av fem seier studiet gir for lite bevisstgjering og trening på kollegarettleiing.

Nokre av dei spurde opplevde også at rolla deira som lærarspesialist kunne opplevast som uklar, og at tittelen «spesialist» blei møtt med skepsis i kollegiet og gjorde det vanskeleg å drive fram endring. Fleire seier det er viktig med tydeleg støtte og forankring i skuleleiinga for å gje rolla som lærarspesialist legitimitet.

– Lærarspesialistordninga er framleis ein pilot. Difor er det viktig at vi får ei evaluering som viser kva for utfordringar vi må  ta tak i vidare. Samstundes veit vi frå tidlegare evalueringar at mange lærarar og rektorar er positive til ordninga. Rektorane seier at lærarspesialistane gjer ein god jobb og at dei klarar å løfte undervisninga. Det må vi også ta med oss, seier KrF sin førstekandidat til stortingsvalet, Harry Valderhaug.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer