Bilde landsmøte 20
FOTO: Venstre

Det er viktig å fullføre

Dette lesarinnlegget er skrive av Lena Landsverk Sande, ordførar i Vanylven og førstekandidat for Møre og Romsdal Venstre til stortingsvalet i haust.

Fredag før påske lanserte kunnskapsminister Guri Melby fullføringsreformen for vidaregåande skule. I dagane etter ser vi kritiske reportasjar om forvirring og frustrasjonar frå kritikarar i skulen og i opposisjonen, og svært lite om kva føremoner reforma har for dei den er til for – elevane. Eg meiner det er heilt rett av media å løfte fram kritikken frå lærarhald, for vi skal lytte til dei som arbeider i skulen når vi saman skal finne løysingar på korleis vi skal få fleire elevar til å fullføre vidaregåande. Men eg undrar meg på at ein fokuserer på korleis Venstre-leiaren Guri Melby har formulert seg, i staden for å løfte fram dei sidene ved reforma som heilt klart er prisverdige. For denne reforma er viktig. Fråfallet i vidaregåande skule er for stort. Det er for mange som fell frå, så vi må gjere noko for å gjere elevane meir motiverte. Regjeringa si løysing er no å tilby auka valfridom, gjennom systematisk arbeid for å hindre stryk, og med auka tiltak for at fleire skal få læreplass og å ta fagbrev.

For meg med lærarbakgrunn er det lett å skjøne at vi har mange slitne tilsette i skuleverket no. Lærarar brenn for sine fag, og etter eit heilt år med koronatilrettelagt undervisning, med påfølgande frustrasjon i høve kva elevane får med seg av pensum, så er det forståeleg at det har tårna seg opp over tid – for mange. Fag har blitt nedprioritert, og bekymringa for elevane sitt kunnskapsgrunnlag har vore stor. Når ein då opplever at kunnskapsministeren meiner somme fag er mindre viktige enn andre, så er det lett å skjøne at utblåsingane handlar om meir enn eit uheldig ordval. Heldigvis har vi ein raus og klok kunnskapsminister, som sjølv er lektor, så ho var raskt ute med å beklage formuleringane sine, samtidig som ho løfta fram det som er viktig, nemleg at fleire elevar må fullføre vidaregåande. Fleire må få tilpasse utdanninga si, slik at dei vert motiverte, kjenner på meistring, og kjem seg gjennom heile løpet.

Det er no lenge sidan vi fekk reform -94, der målet var å få alle gjennom det same løpet. På 25 år har vi gjennomgått store endringar i samfunnet, og vi må erkjenne at skulen ikkje er godt nok tilpassa behova i dag. Regjeringa gjennomfører difor ei reform som gir unge og vaksne større fridom og fleire moglegheiter. Eg meiner det er rett å lytte ut kva lærarane seier, men også ungdomane sine meiningar er viktige. Studentar uttalte at dei ikkje var godt nok trena i kritisk tenking, sjølvstendig læring, akademiske skriveferdigheiter og tekstforståing. Dei sa også at dei var for dårleg førebudde for høgare utdanning. Dette er uttalar vi skal lytte til. Og når fråfallsstatistikken over tid har vore alarmerande høg, så må vi vere villig til å endre på eit system vi har vore trufaste mot så altfor lenge.

Kunnskapsminister Guri Melby vil no fjerne tidsavgrensinga på tre år, og gje skulane betre høve til å ta eit større ansvar for dei elevane som ikkje lykkast med å bestå på første forsøk. Denne regjeringa har allereie lykkast med å få fleire til å velje vegen til meisterbrev i staden for mastergrad. No skal fleire lykkast uansett kva veg elevane vel, gjennom gode allmenndannande fag, og med fridom til å gjere eigne val ut frå eigne føresetnadar og interesser.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer