koronaball

Tysdag kveld:

To nye smittetilfelle i Selje – meiner å ha god kontroll på situasjonen

Prøvesvar frå måndag viser at to personar i Selje har fått påvist covid-19. Det melder ordførar Alfred Bjørlo i ei pressemelding tysdag kveld.

Begge to har vore i karantene som nærkontaktar til tidlegare smitta. Dei to har ingen nye nærkontaktar.

I tillegg har ein person på besøk i kommunen fått påvist covid-19 etter testing i Selje måndag. Personen er symptomfri og testa seg rutinemessig før planlagt reise. Vedkommande har truleg blitt smitta utanfor Stad kommune før reisa hit. Det er tre nærkontaktar innanfor familien. Desse er sett i karantene og vert testa, skriv Bjørlo.

– Ein vurderer no at ein har god kontroll på utbrotet også i Selje, og at den samla smittesituasjonen i Stad kommune snart vil kunne vere slik den var før utbrotet. Det er likevel viktig å ha eit stort fokus på godt smittevern gjennom påska. Vi ber alle om å følgje nasjonale anbefalingar og reglar. I tillegg vert Stad kommune sine eigne råd til innbyggjarane i samband med utbrotet gjeldande fram til og med tysdag 6. april, skriv ordføraren i Stad.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer