koronaball

Sju nye smittetilfelle i Selje

Fredag vart det påvist sju nye smittetilfelle i Selje. Alle har vore i karantene i husstandar med tidlegare påvist smitte, og det er ingen nye nærkontaktar i samband med desse sju smittetilfella.

– Fredag kveld har ein fått svar på alle prøver tatt i Selje onsdag 24. mars. Prøvesvar frå onsdag viser at til saman seks personar i to ulike husstandar har fått påvist covid-19. Alle har vore i karantene på grunn av tidlegare påvist smitte hos andre i husstanden, og dei utløyser ingen nye nærkontaktar, skriv ordførar Alfred Bjørlo i ei pressemelding fredag kveld.

– I tillegg har ein person i Selje fått påvist covid-19 etter hurtigtest tatt fredag. Også denne personen har vore i karantene på grunn av tidlegare påvist smitte hos ein annan i husstanden, og det er ingen nye nærkontaktar, skriv Bjørlo.

Bjørlo legg til at det ikkje har kome svar på prøver som vart tekne i Selje torsdag. Utfordringar med analysekapasiteten ved Førde sentralsjukehus og Haukeland sjukehus gjer at svartider er forlenga.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer